Klage på løyve til riving av Enkjeheimen på Voss

Voss kommunestyre har gjeve løyve til riving av Enkjeheimen på Vangen. Grunna konflikt med omsynet til kulturminne har Hordaland fylkeskommune klaga på vedtaket.

Fleirtalet i Kultur- og ressursutvalet gjekk inn for å trekkja klagen frå fylkeskommunen. Etter famlegg frå Harald Hove (V) vart saka teken til orientering av Fylkesutvalet med 8 (Ap, V, SV, KrF) mot 7 røyster (H, Frp, Sp).

Kulturminne og kulturmiljø skal vere ein integrert del av all areal-, miljø og ressursplanlegging. Riving av Enkjeheimen vil føre med seg tap av viktige kulturminneverdiar og Voss kommune har dermed ikkje teke omsyn til feltet i handsaming av saka. Etter fylkesrådmannen si vurdering har huset ein kvalitet og tilstand som let seg tilpasse føremålet med gjeldande reguleringsplan (bustad).

Simon Sortland 30.09.2008 15:40
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart