Fyhnd med CD-slepp og turné

Fyhnd, fylkesmusikarane i Hordaland, er klare med den første CD-en sin. Fylkeskommunen lanserer CD-en i Kabuso 14. september. Deretter skal Fyhnd på turné i 14 dagar både i og utanom Hordaland.

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen står for lanseringa på «sleppkonserten» i Kabuso i Øystese søndag 14. september kl. 19.00.

Konsert og plateslepp med Fyhnd

Program for sleppkonserten (pdf-fil)

Sidan 1992
Hordaland fylkeskommune har gjennom mange år vore oppteken av folkemusikken si rolle i kulturlivet, og i 1992 vart det difor skipa ei fylkesmusikargruppe innan folkemusikk. Gruppa har i desse dagar fått nytt namn: F Y H N D.

Fyhnd: Frå venstre: Frank Rolland, Reidun Horvei og Einar Mjølsnes. (Foto: Helge Skodvin.)CD-en
Reidun Horvei – kveding, Einar Mjølsnes – hardingfele/viola da gamba, og Frank Henrik Rolland – hardingfele har henta fram folkemusikk som dei tykkjer godt om og som dei har eit  musikalsk tilhøve til som gruppe.

Fyhnd: Frå venstre: Frank Rolland, Reidun Horvei og Einar Mjølsnes. (Foto: Helge Skodvin.)

Kombinerer tradisjonelt og nytt
Mykje av innhaldet er henta frå Sunnhordland og Hardanger. Det er likevel med musikk som er komponert og som dei framfører i folkemusikalsk drakt. Slåtterekkje nr. 2 av Einar Mjølsnes, er skriven for vokal, hardingfele og viola da gamba og inneheld fire satsar: rull, halling, lydarslått og springar. Kjende songar som «En lite vise» frå Hornindal, tekst: Arnulf Øverland og «Den fyrste songen», tekst: Per Sivle, musikk: Lars Søraas vert òg å finna.

Gjestemusikarar
F Y H N D har med seg tre gjestemusikarar på cd-en og desse vil òg vera medverkande under cd-speppet/konserten i Kabuso: Georg Reiss – klarinett, Sigbjørn Apeland –- harmonium og Ivar Kolve – perkusjon.

Opptak i Kabuso
Cd-en er lydfesta i Kabuso med Tom Karlsrud som lydteknikar. Formgjevinga av cd- og hefte er gjort av Fuggibaggi design v/Lasse Berntzen og  produsent og utgjevar er: Hordaland fylkeskommune.

Turné
Etter cd-sleppet og konserten i Øystese reiser F Y H N D på turné i 14. dagar. Først utanom fylkesgrensa i regi av  Den norske folkemusikkscena og deretter i Hordaland fylke.

Lenkjer
Konsert og plateslepp med Fyhnd

Program for sleppkonserten (pdf-fil)

Fylkesmusikarane – Fyhnd


 

Stanley Hauge 10.09.2008 07:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart