
Dei tre fylkesmusikarane med sentrale personar bak platesleppet: Frå venstre: Frank Henrik Rolland (hardingfele), konstituert fylkeskultursjef Ronny Skaar, nyleg avgåtte fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup, Reidun Horvei (kveding), fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen og Einar Mjølsnes (hardingfele). (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

Lansert på innspelingsstaden
Fylkesmusikarane i Hordaland, forkorta til FYHND, står bak den første plata til Hordaland fylkeskommune. Den er spilt inn i Kabuso tidlegare i år. På lanseringskonserten søndag spela fylkesmusikarane heile plata for det frammøtte publikum med fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, konstituert fylkeskultursjef Ronny Skaar og nettopp avgått fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup i spissen.
Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen sa at fylkesmusikarane i Hordaland vart etablert for å bere folkemusikktradisjonen vidare. Til høgre fylkesmusikar Reidun Horvei.
Glade musikarar
Plata er ein presentasjon av folkemusikk, pluss nyskriven musikk i folkemusikk-tradisjonen.
Dei tre fylkesmusikarane i Hordaland er: Frank Henrik Rolland (f.v.) på hardingfele, Einar Mjølsnes, her på viola da gamba og Reidun Horvei kveding:

– Vi er glade for å kunne presentere plata her i kveld og vil takke Hordaland fylkes-kommune for at dei trudde på oss. Spesielt vil eg takke Ingebjørg Astrup og Ronny Skaar, seier fylkesmusikar Reidun Horvei (kveding), som saman med dei to andre fylkesmusikarane Einar Mjølsnes (hardingfele og viola da gamba) og Frank Henrik Rolland (hardingfele) medverkar på plata. Til å fylle ut lydbiletet medverkar gjestemusikarane Georg Reiss (klarinett), Sigbjørn Apeland (harmonium) og Ivar Kolve (perkusjon).
Plata blir til sals i alle plateforretningar i landet og er førebels trykt i eit opplag på 1500.

Dei seks musikarane presenterte heile plata under konserten på tusenårsstaden Kabuso i Øystese: Frank Henrik Rolland (f.v.), Einar Mjølsnes, Sigbjørn Apeland, Reidun Horvei, Ivar Kolve og Georg Reiss.