50 år i jobb og har ikkje tenkt å gje seg!

– Det er ingen problem med Else. Ho ordnar alt! seier tannlege Kjell Størksen på Haukeland universitetssykehus. Han er nærmaste medarbeidar til Else Marie Brattaule som no har jobba 50 år i den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland. Det vart feira med b

– Vi sit nesten nese mot nese heile dagen og arbeider saman, seier tannlege Kjell Størksen om tannhelsesekretær Else Marie Brattaule. Dei tek av seg dei meir kompliserte tannlegeoperasjonane som vanlege tannlegar kvir seg for å gjere.
– Vi sit nesten nese mot nese heile dagen og arbeider saman, seier tannlege Kjell Størksen om tannhelsesekretær Else Marie Brattaule. Dei tek av seg dei meir kompliserte tannlegeoperasjonane som vanlege tannlegar kvir seg for å gjere. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

– Du har halde ut i 50 år. Du er den ideelle tilsette. Du byrja då du var 16 år og har halde ut til du nærmar deg 70, og framleis gjer du ein god jobb og står på! Du kunne like godt ha fylt 50 år i dag og ikkje feira 50 år i tenesta, sa fylkestannlege Inge Magnus Bruvik, overrekte blomster til jubilanten og understrekte at det berre éin gong tidlegare har skjedd at tannhelsetenesta har hatt ein tilsett i 50 år.

– Du er den ideelle tilsette, sa fylkestannlege Inge Magnus Bruvik til Else Marie Brattaule og overrekte blomster.

Imponerande
Overtannlege Arne Åsan stilte seg i rekka av gratulantar.
– Det er ikkje ofte vi får oppleve at ein tilsett har 50 år i teneste. Det er imponerande. Folk i dag har ikkje høve til å stå så lenge. Dei blir lokka av andre jobbar og AFP og forsvinn ut, sa Åsan.

– Du er den ideelle tilsette, sa fylkestannlege Inge Magnus Bruvik til Else Marie Brattaule og overrekte blomster.

”Hovedpineren”
29. august 1958 byrja Brattaule som klinikkhjelpar på Nygård tannklinikk, som på folkemunne gjekk for ”hovedpineren”. Brattaule var innom fleire skuletannklinikkar før ho i 1968 hamna på Slettebakken skole der ho arbeidde til 2004. Dei siste fire åra har ho vore på tannklinikken på Haukeland universitetssykehus som er ved Kjevekirurgisk avdeling. Der jobbar ho tett saman med tannlege Kjell Størksen. Han er velkjend frå Haukelandsrevyane, og han fekk Hordaland fylkeskommune sin eldsjelpris tidlegare i år, og takketalane hans er kjende som reine revynummer.

Nøgde pasientar
– Det er ingen problem med Else. Ho ordnar alt. Vi sit nesten nese mot nese heile dagen og arbeider saman. Det er ikkje så mykje vi treng seie om jobben. Vi har jobba så lenge at alt går på skinner. Vi snakkar difor om alt anna enn jobben. Og pasientane er nøgde. Vi jobbar gjerne med større oppgåver. Alle våre pasientar blir vist hit frå tannlegar i Bergen og Hordaland, og av og til frå andre stader i landet. Vi får og ein del pasientar her frå sjukehuset. Vi tek pasientar som tannlegane kvir seg for, seier Størksen.

Overtannlege Arne Åsan overrekte ei gåvesjekk på 8000 kroner og ein spesiallaga tannskulptur i glass, som det berre finst tre av i verda, til Else Marie Brattaule.

Overtannlege Arne Åsan overrekte ei gåvesjekk på 8000 kroner og ein spesiallaga tannskulptur i glass, som det berre finst tre av i verda, til Else Marie Brattaule.

Som å skifte kjerring!
Og Brattaule er svært glad i jobben på Haukeland.
– Vi jobbar kjekt saman. Det er som han seier at vi treng ikkje å seie så mykje om jobben. Vi veit kva vi skal gjere. Det er sjeldan eg får kjeft! seier Brattaule.
– Det er ingen grunn til å kjefte, repliserer Størksen som håpar å ha Brattaule som kollega til ho blir 75, mens sjølv seier ho at ho tek eitt år om gongen.
– Eg føler ikkje behov for å vere heime.
– Når Else sluttar blir det som å skifte kjerring! Eg håpar ho held ut lenge. Eg kvir meg til ho går av. Eg synest ikkje det er noko å sjå fram til, seier Kjell Størksen.

Tannskulptur i glass
Overtannlege Arne Åsan hugsar godt dagen Brattaule slutta på Slettebakken tannklinikk og byrja på Haukeland.
– Du byrja her 4. oktober 2004. Vi hadde ein samtale og eg spurde om du kunne byrje på Haukeland hos Kjell Størksen. Det ville du. Eg torer ikkje seie kvifor du har vore her i 50 år. Men du er engasjert, er ivrig i tenesta, er opptatt av barn, har god helse, og arbeidsmiljøet har hatt mykje å seie for deg. Vi sparar mykje på å ha ho tilsett, men fylkeskommunen har ikkje ein gong reglement som tilseier at ein tilsett i 50 år skal heidrast. Men det har tannhelsetenesta, sa Arne Åsan og overrekte eit gåvekort på 8000 kroner og ein heilt spesiell skulptur, ein tann i glas, laga i Danmark og som berre finst i tre eksemplar.

Kongens fortenestemedalje for 2. gong?
Åsan hadde og lyst å gje ho Kongens fortenestemedalje, men den har ho alt fått, for lang teneste i tannhelsetenesta og for å ha vore fostermor for 21 barn gjennom 22 år.
– Eg trur ikkje Kongens fortenestemedalje kan tildelast to gonger, sa Åsan.

God mat og drikke
Dei 50 åra vart feira med tilsette på Kjevekirurgisk avdeling på Haukeland med eit flott bord med mykje god mat og drikke og mykje god prat og latter.

Sjå intervju i Hordalandsnytt 24. juni i år med Else Marie Brattaule om livet hennar (pdf-fil)

Else Marie Brattaule ordnar det meste på tannklinikken på Kjevekirurgisk avdeling på Haukeland universitetssykehus.
Else Marie Brattaule ordnar det meste på tannklinikken på Kjevekirurgisk avdeling på Haukeland universitetssykehus.

Bjarte Brask Eriksen 04.09.2008 15:15
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart