Vestlandsregion – kva no?

Dagskonferansen "Vestlandsregion - kva no?", blir skipa til 25. november i Bergen. Konferansen vil ha hovudfokus på status og framtid for Vestlandsregionen, men regionen vil også bli sett i et norsk og europeisk perspektiv.

Brosjyre om konferansenIkkje om regionsforma
Konferansen handlar eigentleg ikkje om regionsforma, men om kvifor resultatet vart som det vart, samt vegen vidare for ein vestlandsregion. Sett på bakgrunn av forventningane som dei siste åra er skapt om overføring av statleg makt til eit nytt regionalt nivå, samt innsatsen som er lagt ned i arbeidet med regions- eller forvaltingsreforma det siste tiåret, synest høyringsnotatet til regjeringa i saka tidlegare i år som eit antiklimaks.

Kvifor mislukkast dei regionale byggmeistrane i Noreg?
Konferansen vil ha eit særskilt fokus på Vestlandet, med eit overordna nasjonalt og nordisk/europeisk perspektiv. Kva er stoda for regionstanken i Norden og Europa i dag? Kvifor mislukkast dei regionale byggmeistrane i Noreg? Kven er motkreftene og kva er grunngjevinga for eit nei til større regionar? Er landsdelsregionar som politikk- og forvaltingseiningar meir langsiktige prosjekt? Kva må til for å byggje slike regionar?

Målgruppa er forskarar, journalistar, politikarar og tilsette i administrasjon og næringsliv. Innleiarane er samfunnsvitarar og historikarar som er ekspertar på feltet.

Tilskiparar
Konferansen blir skipa til av Universitetet i Bergen, satsingsområdet "Region og regionalisering", i samarbeid med Hordaland fylkeskommune og Sparebanken Vest.

Påmeldingsfrist er 21. oktober

Påmelding til konferansen

Meir informasjon om konferansen (pdf-fil)

13.10.2008 10:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart