
Rolls-Royce Marine AS på Hordvikneset var første stoppestad på fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sin bedriftsturne. Fast følge på turneen vert fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (bak t.v), opposisjonsleiar Gisle Handeland (nr. 2 f.v), fylkesrådmann Paul M. Nilsen og strategi- og næringsdirektør Jan Per Styve (nr. 3 f.h). Frå Rolls Royce Marine AS møtte plassjef John Knudsen, produksjonsdirektør Knut Simon Helland (t.v) og teknologi- og utviklingsdirektør Lutz Liebenberg (t.h). Her poserer dei føre ein "Ferrari".
Saman med fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, opposisjonsleiar Gisle Handeland, fylkesrådmann Paul M. Nilsen og strategi- og næringsdirektør Jan Per Styve vil fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg få meir inngåande kjennskap til ulike bedrifter i Hordaland.
- Eit viktig motiv er å få kjenna på pulsen suksesshistoriar og vanskar bedrifter i vår region har. Vidare kva Hordaland fylkekommune eventuelt kan bidra med politisk, og kva for eventuelle samarbeidstiltak som kan vere aktuelle, seier Selsvold Nyborg.
- Sats på forsking og utvikling
På Hordvikneset vart delegasjonen møtt av plassjef John Knudsen og fekk ei god orientering om Rolls-Roycekonsernet sine aktivitetar i dag og morgondagens utfordringar. Knudsen presenterte nøkkeltal og la opp til ein dialog med gjestene frå fylkeskommunen. Frå konsernleiinga stilte også personal- og organisasjonssjef Christian C. Onstad, produksjonsdirektør Knut Simon Helland og Lutz Liebenberg, direktør teknologi og utvikling.
Produksjonsdirektør Knut Simon Helland (t.h)orienterer fylkesrådmann Nilsen, fylkesordførar Selsvold Nyborg, opposisjonsleiar Handeland og fylkesvaraordførar Nilsen om produskjonsprosessen. Bak står teknologi- og utviklingsdirektør Lutz Liebenberg.
- Rolls-Royce fabrikken og støperiet her på Hordvikneset har totalt nær 1000 tilsette og eit industriareal på 32000 rutemeter. Vi har hand om heile verdikjeda vår, og har eit av Europa sine leiande støperi her på Hordvikneset. Rolls-Royce konsernet er leiande på verdsbasis når det gjeld systemintegrasjon, seier Knudsen.
Gjestene fekk klar melding om at det vert satsa altfor svakt politisk innanfor forsking og utvikling. Produksjonsdirektør Knut Simon Helland følgde opp med å peika på tre område dei ser som svært viktig for si vidare utvikling. Alternativ energi og/eller generere krafta lokalt, ikkje tillate privat utbygging nær industriområdet og auka støtteordningar til forsking og utvikling. Næringslivet etterspør konkret handling, understreka Helland.
- Vi skal ta dette med oss i det vidare arbeidet, svarar fylkesordførar Selsvold Nyborg og det vart avtala nye møter.
Bedriftsbesøket vart avrunda med omvising i fabrikken og støperiet. I tillegg til ein planlagt bedriftsturne der Roll-Royce Marine AS var første stopp, legg fylkesordføraren også opp fleire bedriftsbesøk i samband med Fylkesutvalet sine møte.
Info om RR Marine AS