Startskot for klimaplanen

Fylkestingspolitikarane engasjerte seg sterkt under klimaøkten på oktobertingsete i Bergen. Spesialrådgjevar for klima, Magnar Bjerga, fekk mange gode innspel til arbeidet med Hordaland fylkeskommune sin klimaplan.

Spesialrådgjevar klima Magnar Bjerga (t.h) noterer innspel frå Kultur- og ressursutvalet til klimaplanen for Hordaland fylkeskommune.

Strategi- og næringsdirektør Jan-Per Styve leia workshopen i Bergen Kongress Senter 15. oktober. Han drog opp dei store linene for klimaplanarbeidet som for alvor startar no. Klimaplanen er ei politisk tinging som krev engasjement frå politikarane i ei open drøfting heilt frå starten av.

Spesialrådgjevar klima Magnar Bjerga (t.h) noterer innspel frå Kultur- og ressursutvalet til klimaplanen for Hordaland fylkeskommune.

- Det er stor internasjonal semje om at dei store klimaendringane er menneskeskapte. Det vil krevjast politiske løysingar for å møta desse storeutfordringane, understreka Styve. Han peika på at klimaplanen for fylkeskommunen må ta for seg korleis få reduserte utslepp i Hordaland, bidra til utvikling av nye energikjelder og korleis me best kan tilpassa oss den nye klimasituasjonen.

Miljøvernleder Guttorm Grundt i Oslo kommune orienterte om korleis ein jobabr med klimautfordringane i hovudstaden.Før gruppearbeida starta heldt Guttorm Grundt, miljøvernleder Oslo kommune, eit innlegg om korleis Oslo kommune jobbar for å oppnå mål om reduksjon i klimagassutslepp. Han la vekt på naudsynte føresetnader for å oppnå resultat, trong for heilskapleg grep, og kom med døme på gode tiltak i ein stor organisasjon med eit stort nedslagsfelt. Arne Åsan, overtannlege Sentrum tannhelsedistrikt, kom med eit kort overblikk over lokale døme i sitt innlegg ”Tannklinikkar som miljøfyrtårn – ei kjelde til reduserte klimagassutslepp i Hordaland?”

Miljøvernleder Guttorm Grundt i Oslo kommune orienterte om korleis ein jobabr med klimautfordringane i hovudstaden.

Idedugnad i dei politiske utvala
Deretter var det tid for brainstorming i Opplærings- og helseutvalet, Kultur- og ressursutvalet, Samferdselsutvalet, Kontrollutvalet og Fylkesutvalet. Spørsmåla dei drøfta var kva bør vere visjonen for klimaplan for Hordaland, kva tema/område bør planen særskilt omhandle, og kva konkrete tiltak bør klimaplanen innehalde. Sjølv om det kom ein del konkrete tiltak på bordet, var det mest overordna signal som kom fram til nytilsett spesialrådgjevar for klima, Magnar Bjerga.

Leiar Helge Andre Njåstad i Kultur- og ressursutvalet la i si oppsummering særleg vekt på at planen må forankrast godt i både fylkeskommunen, våre kommunar og andre samarbeidspartnarar. Det gjorde ogs leiar Gustav Bahus i Samferdselsutvalet ved å føreslå at dei kommunale klimaplanane som alt er utarbeidde bør vere med i grunnlaget for den fylkeskommunale klimaplanen. Bahus peika også på at me alle har same mål med i denen saka, men uliek vegar som vil føra oss dit.

Leiar Helge Andre Njåstad (midten) la fram Kultur- og ressursutvalet sine idear til arbeidet med klimaplanen for Hordaland.

Leiar Roald Stenseide i Opplærings- og helseutvalet meiner visjonen bør vere at Hordaland vert det beste i fylket i Norge når det gjeld å redusera utsleppa, og setje stort fokust på energivennlege nybygg. Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen leia arbeidet i Fylkesutvalet, og tok til orde for eit Partnarskap for miljø mellom det offentlege og private.

Leiar Helge Andre Njåstad (midten) la fram Kultur- og ressursutvalet sine idear til arbeidet med klimaplanen for Hordaland.

Simon Sortland 20.10.2008 11:19
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart