Skryt til kommuneplan for Granvin 2007-2017

Arealplanen for Granvin viser at kommuneplanar kan vere eit fleksibelt og godt eigna verktøy når det gjeld å legge til rette for lokalt tilpassa utvikling.

Granvin kommune har sendt kommuneplanens arealdel inkludert konsekvensutgreiing på høyring. Det er lagt ut nye areal til bustad, fritidsbustader, næringsareal og småbåthamner m.m. Nye område er utgreidd i konsekvensutgreiinga, som er av høg kvalitet. Planen er blitt til i ein god prosess med regionale organ, og kommunen har gjennom å delta i prosjektet ”Landskap i plan” fått drahjelp når det gjeld landskapsomsyn i planlegginga.

I planføresegnene er det stilt plankrav til alle nye byggeområde. Grunna konflikt med kjende automatisk freda kulturminne og verneverdig kulturmiljø tilrår fylkeskommunen motsegn til to område i planforslaget.

Fylkesutvalet vedtok samrøystes følgjande:
1 Fylkesutvalet sluttar seg til konsekvensutgreiinga og meiner den kan vere eigna som føredøme for andre kommunar.

2 Fylkesutvalet meiner vurderingane i konsekvensutgreiinga på ein tilfredsstillande måte er lagt til grunn for føreslått ny arealbruk. Det er særleg positivt at landskapsomsyn har vore i fokus.

3 Fylkesutvalet meiner planen er eit godt eigna verktøy for å legge til rette for ei utvikling basert på Granvin sine lokale føremoner og særtrekk. Planen er dermed med på å stø opp om viktige areal- og miljømål i fylkesplanen.

4 Fylkesutvalet fremjar motsegn til følgjande planområde grunna konflikt med kjende automatisk freda kulturminne og verneverdig kulturmiljø:

  • Bustadsområde B1 - Øvsthus. Innanfor bustadsområdet ligg eit automatisk freda gravminne (Askeladden ID 116949). I tillegg ligg det like vest for planområdet SEFRAK-registrerte bygningar. Dersom kommunen tek ut av planen delar av området rundt det automatisk freda kulturminnet eller viser det som bandlagt areal til vern, fell motsegna bort.

• Næringsområde N2 - Sentrum. Det verneverdige gardstunet Øvre Eide ligg like inntil nordgrensa av planområdet. Motsegn bortfell om grensa mot tunet vert trekt mot sør, eller om det vert innarbeidd i føresegnene at det må stå att eit parkbelte mellom gardstun og næringsareal.

5 Fylkesutvalet ber om at alle freda kulturminne vert vist som bandlagt areal på kommuneplankartet, elles vil det verte fremja motsegn til kommuneplanen.

6 Fylkesutvalet tek atterhald om byggjeområda og LNF-område for spreidd utbygging i planen inntil undersøkingsplikta i Kulturminnelova er oppfylt (§ 9).

Simon Sortland 01.10.2008 09:44
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart