Masfjorden kommune har lagt fram forslag til kommunedelplan for Stordalen til offentleg ettersyn. Hordaland fylkeskommune har gitt fråsegn til planprogrammet i KURE og Fylkesutvalet den 05.02.08 og 13/14.02.08.
Kommunedelplan for Stordalen stettar i stor grad mål og retningsliner for arealforvaltninga i fylket, samt mål gjeve i Fylkesdelplan; Deltaking for alle - universell utforming. For å avbøte eventuelle negative inngrep i landskapet, bør ein vurdere trongen for nye veganlegg i hytteområda opp mot konsekvensane for natur, friluftsliv og landskap. Byggesona bør trekkast vekk frå dei områda som skal bandleggast til friluftsføremål, slik at det vert samsvar mellom planlagt bruk og arealbruksføremål.
Fylkesutvalet vedtok samrøystes følgjande:
1. Forslag til kommunedelplan for Stordalen er i all hovudsak i samsvar med regional politikk.
2. Fylkesutvalet rår til at kommunedelplanen legg klårare føringar for detaljplanlegging av interne vegar i hyttefelta. Vegsystemet bør differensierast for å skilje mellom område som bør opnast for meir brukarvenleg tilkomst og område som bør skjermast av omsyn til natur-, friluftsliv og landskap.
3. Hordaland fylkeskommune tek atterhald om byggjeområda i planen inntil undersøkingsplikta etter § 9 i Kulturminneloven er oppfylt.
Simon Sortland 01.10.2008 09:39