Utrygge
Dei mange rasfarlege vegstrekningane i Hardanger gjer at innbyggjarane føler seg utrygge. Det er kun tilfeldig at rashendingane ikkje i større grad går ut over liv og helse til dei som ferdast på vegnettet i denne delen av Hordaland. Denne tilfeldige risikoen for liv og helse kan aldri aksepterast, skriv fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i brev til samferdselsministeren.
Betydleg auke må til
Eg vil no på det sterkaste oppmode om at rammene til rassikring vert betydeleg auka i Nasjonal transportplan 2010-2019, og at dette vert følgt opp med løyvingar i statsbudsjettet for 2010 og framover, heiter det i brevet til statsråd Navarsete.
Mange prosjekt
Hordaland har fleire akutte og prioriterte rassikringsprosjekt på riksvegnettet, og vi har ikkje råd til at eitt einaste av dei vert utsett i tid på grunn av manglande økonomiske rammer og løyvingar, skriv fylkesordføraren.
Redselsdøgn
I brevet skriv fylkesordføraren:
«Det har på nytt vore eit redselsdøgn i Hardanger på grunn av ras og stengde vegar. Dette er ikkje første gongen innbyggjarane i Hardanger opplever ras på vegnettet. Denne gongen kom raset på Rv13 mellom Odda og Tyssedal.
Fatale konsekvensar
På vegnettet i Hardanger er det frå år 2000 registrert om lag heile 1720 hendingar med ras, nedfall av stein osv. Konsekvensane av desse hendingane har i enkelte tilfelle vore fatale, som t.d rasulykka i Eidfjord i 2000, der raset tok ein buss på fjorden og 2 menneskeliv gjekk tapt. Heldigvis har det i dei langt fleste tilfella gått bra, der bilar har køyrt inn mot rasområdet eller har vore inne i sjølve rasområdet utan at dette har medført personskade. Det er kun tilfeldig at rashendingane ikkje i større grad går ut over liv og helse til dei som ferdast på vegnettet i denne delen av Hordaland. Denne tilfeldige risikoen for liv og helse kan aldri aksepterast.
Ta ansvar
Som politiske styresmakter på alle nivå har vi eit ansvar for å sette oss inn i situasjonen med å ferdast dagleg på eit vegnett med overhengande rasfare. Eller kanskje tilsvarande som foreldre å måtte sende eigne barn av garde med skuleskyss på det same vegnettet.
Statens vegvesen har kartlagt og registrert rasfarlege områder på vegnettet i Hardanger og Hordaland elles. Dei rasfarlege områda er identifisert og i mange tilfelle føreligg det planar for rassikring.»