
Fylkesutvalet samla utanfor Stend Hovedgård i Fana.
Fem millionar kroner til Ålvik Vekst
Fylkesutvalet gjekk samrøystes inn for å løyva inntil 5 mill. kr. av omstillingsmidlane frå Regional Utviklingsprogram 2008 til Ålvik Vekst KF.
Fylkesutvalet føreset at det blir lagt fram revidert plan for omstillingsarbeidet i Ålvik dersom Staten ikkje vil bidra. Vidare vart det løyvd inntil 900 000 kr. til Flytt til Hardanger og 450 000 kr. til SNU II for å medverke til varige resultat av omstillingsarbeidet i Sunnhordland. Kommunal og regionaldepartementet har lagt til grunn åtte millionar kroner til omstilling i Hordaland i 2008. For 2006 og 2007 var løyvingane på høvesvis fem og 7,5 mill. kr. Fylkesutvalet bed i sitt vedtak om eit notat frå fylkesrådmannen som synleggjer status og måloppnåing for dei ulike omstillingsprosjekta.
Stør endring om unntak frå Konkurranselova for ekspressbussar
Fylkesutvalet vedtok mot 5 røyster (H og Frp) å slutta seg til høyringsuttalen frå Vestlandsrådet om forskrift om unntak frå Konkurranseloven §10 første ledd for avtalar om drift av kommersielle fylkeskryssande ekspressbussruter.
I Vestlandsrådet si uttale heiter det: ”Vestlandsrådet meiner at det eksisterande samarbeidet om drift av kommersielle fylkeskryssande ekspressbusssruter har medverka til eit effektivt transportsystem og har fremma lokal og regional utvikling av Vestlandet. Vestlandsrådet vil difor stø at det vert gjeve ei forskrift om unntak frå §10 i Konkurranseloven for kommersielle fylkeskryssande ekspressbussar. Ein bør også i framtida fleksibelt kunna samarbeida og initiera samarbeid om gode kommersielle fylkeskryssande ekspressbuss løysingar som stør opp under transportpolitiske, miljømessige og distriktspolitiske føremål. Vestlandsrådet går difor imot forslaget i §2 om at unntaket i §1 berre skal gjelda for samarbeid om drift som er inngått skriftleg før 13. mars 2003.”
Tom-Christer Nilsen fremja følgjande framlegg på vegne av H og FrP: ”Fylkeskommunen syner til utgreiing frå Konkurransetilsynet, som påpeikar at derv er ingen indikasjonar på at samarbeid i strid med §10 verken er naudsynt for å oppretthalda rutetilbod, gir fleire avgangar og lågare pris for passasjerane eller innsparingar av kostnadar, og støttar ikkje eit unntak frå §10 her. Dersom det vert gjeve eit unntak her, må det vere eit minstekrav (jmf Konkurransetilsynet si utgreiing)) at det vert stilt krav om at dei samarbeidande partane dokumenterer/godtgjer at samarbeidet gir effektivitetsvinstar og at ein rimeleg del av dette kjem partane til gode.”
Bergar tannklinikkar i Røldal og Hatlestrand
Fylkesutvalet vedtok samrøystes at tannklinikkane i Røldal og på Hatlestrand vert oppretthaldne. Grunngjevinga er av omsyn til det førebyggjande tannhelsearbeidet hos dei prioriterte gruppene - dei eldste og borna, behandling hos tannlege skal utførast ved nærliggande tannklinikkar og at nedlegging gjev låge økonomiske innsparingar. Det skal vidare haldast forhandlingsmøte mellom Hordaland fylkeskommune og dei to kommunane.
Hordaland Kollektivservice vert infrastrukturselskap for Bybanen
Fleirtalet i Fylkesutvalet godkjenner at Hordaland Kollektivservice AS skal stå for drift/forvaltning av Bybanen sin infrastruktur. Vidare at fylkesordføraren som generalforsamling i Hordaland Kollektivservice gjennomfører dei vedtektsendringar som er nødvendig for at selskapet skal forvalte Bybanen sin infrastruktur. Ap ville ha ei eiga fylkeskommunal administrasjonseining og fremja følgjande vedtak som fekk 6 røyster: Fylkesutvalet godkjenner at drift7forvaltning av Bybanen sin infrastruktur vert ivareteken av ein eigen seksjon innan den fylkeskommunale administrasjonen.
Opprettar ekstra klassar for minoritetsspråkleg elevar
Fylkesutvalet vedtok samrøystes å oppretta ein ekstra klasse Vg1 for minoritetspråklege søkjarar ved Fana gymnas og Olsvikåsen videregående skole. I tillegg blir elevplasstalet i ein tilsvarande klasse ved Årstad videregående skole auka frå 12 til 18 elevar. Det er særleg elevar frå Aust-Europa som har auka i antal. Totalt elevplassar oppretta vert 42.
Vil ikkje yte ekstra driftstilskot til Frescohallen
Fylkesutvalet vedtok samrøystes å ikkje yte årlege tilskot til å dekkje opp leigekostnader grunna ny huseigar og endra leigevilkår i turistinformasjonen i Frescohallen. Bergen Reiselivslag har søkt Hordaland fylkeskommune om 900 000 kroner i årlege tilskot til å dekkje opp leigekostnader grunna ny huseigar og endra leigevilkår ved drift av turistinformasjonen i Frescohallen. Fylkesutvalet var samrøystes positive til fortsatt dialog kring utvikling i bruk av Frescohallen som fylkesturistinformasjon og presentasjonssenter for heile fylket
Fremja motsegn mot Statens Vegvesen
Statens vegvesen har i samarbeid med Voss kommune utarbeidd kommunedelplan med konsekvensutgreiing av E16 Oppheim – Lundarosen. Tiltaket gjeld utbetring og omlegging av stamvegen over ein strekning på ca. 24 km. Fleirtalet i fylkesutvalet fremja motsegn til nokre av dei alternative løysingane tilrådd av Statens vegvesen.
Tom-Christer Nilsen (H) sette fram forslag til endring av punkt 3 og nytt punkt 4. Nilsen sitt forslag vart vedteke med 7 røyster (inkl. fylkesordføraren si røyst) mot 7 røyster (SP, A, V og SV) for innstillinga. Vedtaket lyder slik:
1. Fylkesutvalet påpeikar at kulturminne ikkje er tilfredsstillande omtalt i den samla konsekvensutgreiinga. Fylkesutvalet føreset derfor at kulturminnerapporten blir integrert i konsekvensutgreiinga.
2. Fylkesutvalet stør i hovudsak Statens Vegvesen si tilråding når det gjeld alternativ for
delstrekning 2 Taulen-Løno og delstrekning 4 Skulestadmo-Lundarosen.
3. Fylkesutvalet fremjar motsegn til fylgjande alternative løysingar tilrådd av Statens vegvesen:
Delstrekning 1 Oppheim-Taulen: Alternativ 3 på strekkja P 4500 til P 5050 grunna konflikt med kulturminne. Fylkesutvalet ber om at strekninga vert justert.
4. Delstrekning Løno-Staup: Alternativ 1B: Fylkesutvalet tilrår alternativ med tunell.
Alternativ 4 grunna konflikt med kulturminne. Fylkesutvalet ber om at anna alternativ vert valt.
5. Fylkesutvalet ber om at nasjonale kulturminneverdiar i postvegen vert ivaretatt i vidare detaljplanlegging.
6. Fylkesutvalet rår i frå den tilrådde løysinga ved Voss jordbruksskule. Fylkesutvalet ber om at merknader som gjeld areala til Voss jordbruksskule for delstrekinga Oppheim-Taulen vert teke omsyn til i den vidare planlegginga.
7. Fylkesutvalet tek atterhald om eventuelle funn av kulturminne i samband med reguleringsplanarbeidet.”
Fremja ikkje motsegn til inngrep ved Troldhaugen
Fleirtalet i fylkesutvalet følgde fleirtalet i kultur- og ressursutvalet då dei ikkje fremja motsegn til reguleringsplan for Skjoldnes. Bergen kommune har sendt forslag til reguleringsplan for Skjoldnes i Fana til høyring. Fylkeskommunen har tidlegare frårådd eit første planforslag ut i frå omsynet til strandsone og Troldhaugen. Fylkeskommunen har varsla kommunen om at det er nasjonale kulturminneinteresser som vert råka i området og Riksantikvaren er orientert om dette. Kjersti Toppe sette på vegner av SP, A, V og SV fram forslag om motsegn til reguleringsplan for Skjoldnes. Innstillinga vart vedteken med 7 røyster (inkl. fylkesordføraren si røyst) mot 7 røyster (SP, A, V og SV) for Toppe sitt forslag.
Vedtaket lyder slik: Troldhaugen og landskapsrommet rundt har nasjonal og regional verdi som kulturminne og strandsone. Forslag til reguleringsplan for Skjoldnes inneber vesentlege landskapsinngrep og inngrep i strandsona og er difor i konflikt med nasjonale og regional interesser. Fylkesutvalet ber om at det vert sett i gong samla reguleringsarbeid for området Troldhaugen-Skjoldnes som sikrar verdiane i området, vurderer gang- og sykkelsti og restaurering av motorveginngrepet. Fylkesutvalet ber om at det vert gjennomført ein landskapsanalyse med utgangspunkt i Troldhaugen. Fylkesutvalet ber om at bustadområda i planområdet vert tilpassa området sine verdiar og karakter.
Handsrekning til Bergen Vitensenter
Fylkesutvalet vedtok samrøystes at fylkeskommunen lgår saman med Bergen kommune om å dekka eit uoppgjort krav på husleige på 3,6 mill. kr til Høgskolen i Bergen. Løyvinga frå fylkesutvalet er på 1,1 mill. kroner. I perioden september 2005 til mai 2007 heldt Bergen Vitensenter til i mellombelse lokale hos Høgskolen i Bergen. Frå denne perioden er det eit uoppgjort krav på husleige på 3,6 mill. kr. Tom-Christer Nilsen (H) sa seg ugild og trådte frå under sakshandsaminga.
Ingen motsegn mot reguleringsplan for Engevik gard
Fleirtalet i fylkesutvalet ville ikkje fremja motsegn mot revidert forslag til reguleringsplan for utleigehytter ved Engevik gard i Fusa kommune. Tom-Christer Nilsen (H) sitt forslag om å stryka punkta 3 og 4 i innstillinga vart vedteke med 7 røyster (inkl. fylkesordføraren si røyst) mot 7 røyster (SP, A, V og SV) for innstillinga.
Vedtaket lyder slik: 1. Engevik gard har stor verdi som kulturminnemiljø og som attraktivt sjønært friluftsområde, har eit unikt landskap og inneheld vesentlege naturkvalitetar. 2. Fylkesutvalet ser positivt på at garden vert utnytta til reiselivsføremål og ynskjer ei vurdering av heile garden sitt potensiale i den samanheng. Fylkesutvalet vil stø opp under tiltak som sikrar verneverdiane i området gjennom bruk.
Punkta mindretalet ville ha med lyder slik: 3. Planforslaget er i strid med verneverdiane i området når det gjeld storleik og omfang av utleigehytter og oppstillingsplass for bubilar. Primært bør næringsområdet aust for Engevik vurderast før ein tek i bruk området i vest til næringsføremål. 4. Fylkesutvalet fremjar motsegn til planforslaget slik det ligg føre og ber om fylgjande endringar.
H1 - utleigehytter må reduserast i omfang
H2 – utleigehytter må reduserast i omfang
H3 – utleigehytter med småbåthamn må ut av planen
Spesialområde for camping /bubilar må ut av planen.
Vegane må tilpassast endeleg plan.
Positive til kraftplanar i Rullestad og Skromme
Fylkesutvalet var samrøystes i si fråsegn til kraftplanar i Rullestad og Skromme. Vedtaket lyder slik: Fylkesutvalet er positiv til ny fornybar energiproduksjon i fylket, under føresetnad av at det vert teke omsyn til miljø og andre arealinteresser. Utbyggingsplanane for Rullestad og Skromme kan verke negativt på landskap, inngrepsfri natur og friluftsliv, og konsekvensutgreiinga må difor vere utfyllande og grundig og med gode kart, bilete og visualiseringar i tråd med fylkespolitiske retningsliner.
I samband med konsekvensutgreiinga må konfliktgrad mellom planlagde tiltak og kulturminne, både automatisk freda kulturminne og kulturminne frå nyare tid, gå klart fram. Fylkesutvalet vil be om at § 9-undersøkingar etter Kulturminnelovaen vert gjort i samband med konsekvensutgreiing og før konsesjonshandsaming. Når det gjeld nyare tids kulturminne, må dei ulike tiltaksområda vurderast med omsyn til konsekvensar for både registrerte kulturminne og ikkje registrerte nyare tids kulturminne. Potensialevurdering for funn av ukjende automatisk freda kulturminne må inn i konsekvensutgreiingsprogrammet.
Ombyggingar i skulesektoren
Fylkesutvalet vedtok samrøystes budsjettreguleringar innan skulesektoren med Ombygging av gutteinternat ved Stend vgs. på 750 000 kr., ombygging av kjøkken og klasserom ved Sotra vgs. På 500 000 kroner og ei samleløyving for tilbygg/større ombyggingar i skulesektoren på 1 250 000 kroner.
Støttar konferanse om Ringeriksbanen
Fylkesutvalet vedtok samrøystes å innvilga søknaden på inntil 20 000 kroner frå Forum Nye Bergensbanen om støtte til ein dagskonferanse om Ringeriksbanen på Ringerike. Ringeriksbanen er det viktigaste enkeltprosjektet for fornying og modernisering av Bergensbanen. Det er også venta at ei konsepvalutgreiing for Ringeriksbanen kjem på høyring i løpet av året.
Avslo søknad frå "Nei til frontkollisjoner"
Fylkesutvalet i Hordaland syner til Handlingsplan for trafikksikringsarbeidet i Hordaland 2006-2009 og avslo samrøystes søknaden på 75 000 kroner frå ”Nei til Frontkollisjoner” til diverse arrangement og utarbeiding av prosjektplan retta mot midtrekkverk på vegane våre.
Fylkesdelplan for små vasskraftverk
Fylkesutvalet tok samrøystes løypemeldinga om fylkesdelplan for små vasskraftverk til orientering. Tom-Christer Nilsen sette på vegner av H, Frp og Krf fram oversendingsforslag som vart samrøystes vedteke oversendt til arbeidsgruppa for fylkesdelplan for små vasskraftverk.
Oversendingsforslag: ”Disse medlemmene vil spille inn til arbeidsgruppen i denne sak: I forhold til at vernede vassdrag ikke inkluderes i planen, må det understrekes i plandokumentet at dette ikke betyr at disse vassdragene er utelukket fra utnyttelse, jfr. reglene om åpning for anlegg under 1 MW. I plandokumentet bør det gå klart fram at av omfangshensyn er dette ikke behandlet i planen og at slike anlegg vil vurderes særskilt i det enkelte tilfelle.”
Positive til studentmeldinga - Studenten mot 2020 - høyringsfråsegn
Fylkesutvalet var samrøystes i si høyringsfråsegn og ser positivt på at Bergen kommune har utarbeidet Studentmeldinga. Utvalet meiner den inneheld gode tiltak for å utvikle Bergen vidare som studentby. Fylkeskommunen ønskjer å samarbeide med Bergen kommune om gjennomføring av tiltak i meldinga.
Status for Fylkesdelplan 2006–2009 - "Deltaking for alle - universell utforming" 2008.
Fylkesutvalet tok samrøystes status for arbeidet med universell utforming til orientering.
Positive til kompetansekriteria for rådgjevarar
Fylkesutvalet slutta seg samrøystes til Utdanningsdirektoratet sitt forslag om endring i opplæringslova kapittel 22 og til forslaget om tilrådd formell kompetanse og kompetansekriteria for rådgjevarar. Utvalet tilrår at kompetansekriteria vert innførte som eit krav ved tilsetjing av nye rådgjevarar.
Plan for tilpassa opplæring og spesialpedagogiske tiltak 2008-2012 på høyring
Fylkesutvalet slutta seg samrøystes til at ”Plan for tilpassa opplæring og spesialpedagogiske tiltak 2008 – 2012” blir sendt ut på høyring til dei vidaregåande skolane, dei sosiale og medisinske institusjonane sine skolar, OT/PPT, Elevorganisasjonen, Utdanningsforbundet, Skolenes Landsforbund, Råd for personer med nedsatt funksjonsevne, relevante interesseorganisasjonar, Y-nemda, Ungdommens Fylkesutvalg og fagopplæringskontoret med høyringsfrist til 21. november.
Vedtok handlingsprogram for nytt fylkeskommunalt vegnett 2010-2013 (19)
Fylkesutvalet vedtok samrøystes at arbeidet med handlingsprogram for nytt fylkeskommunalt vegnett for perioden 2010-2013(19) vert gjennomført slik saka er presentert, med samferdselsutvalet som politisk styringsgruppe og ei administrativt samansett arbeidsgruppe.
Nei til medfinansiering av prosjekt rute 13
Fylkesutvalet avslo samrøystes søknaden frå IS Fjordvegen om å løyva midlar til finansiering av prosjekt Rute 13. I søknaden frå IS Fjordvegen frå 5.11.2007 vart det søkt om ei løyving på kr. 300 000 kroner over 3 år. I brevet frå IS Fjordvegen frå 9.9.2008 er visjonen og måla for prosjektet nemnt, mellom anna å setja utviklinga av Rv 13 på kartet til fylkeskommunale og sentrale styresmakter slik at det vert løyvd vesentlege midlar gjennom NTP til Rv 13. At Rv 13 gjennom Ryfylke og strekninga Vinje-Vangsnes med vidareføring til Sogndal får stamvegstatus.”
OVERSENDINGSFRAMLEGG
Gisle Handeland, Ap: Ap, Sv og Sp har merka seg at ein stor del av auken på posten midlar til regional utvikling i Statsbudsjettet er grunngjeven med at fylka skal kunne prioritera midlar til kommunale næringsfond.
Ap, Sv og Sp ber om at dette vert teken til følgje slik at det vert opna for direkte overføringar til kommunale næringsfond i kommunar som har heilt særskilde utfordringar når det gjeld folketalsutvikling, sysselsetjing og næringsutvikling.
Mette Holmefjord Olsen, SV: Fylkesrådmannen kontaktar Statens Vegvesen og Samnanger kommune for å finna fram til best moglege løysingar for trafikkavviklinga på Rv48 Tysse sentrum i anleggsperioden for miljøgateprosjektet. Det må særleg vurderast korleis buss- og godstransport vert minst mogleg råka.
Monica Nilsen, Frp: Lyngbøtunet har auka matservering frå 3 til fem dagar i veka. Servicebussen går tre dagar i veka. Kan fylkesrådmannen sjå på om servicebussen kan gå fem dagar i veka då mange av brukarane av Lyngbøtunet ikkje har bil.