Dommedagsprofeti eller bagatellisering?
Fylkesrådmannen meiner at for fylkeskommunen blir spørsmålet om alt skal vere ”business as usual” eller om uroa på finansmarknadane faktisk har noko å seie for kva disposisjonar fylkeskommunen skal gjere framover.
– Er det til dømes fornuftig å setje bremsene på? spør fylkesrådmannen og legg til:
– Økonomiske ekspertar har veksla mellom dommedagsprofeti og bagatellisering. Då oljeprisane nærma seg 150 dollar fatet, var det nokre som meinte at den ville auke endå meir. Då prisen byrja å falle, meinte andre at den ville halverast. Nokre av dei mest kjende økonomane synest no sikre på berre éin ting: nemleg at dei ikkje vil spå om korleis det vil gå framover. I denne situasjonen er det i grunnen fritt fram for de og meg til å meine det meste om det som kjem til å skje og utan at vi går nokon i næringa av den grunn.
Halde hjula i gang som normalt
Personleg trur fylkesrådmannen at det beste fylkeskommunen kan gjere, er å halde hjula i gong som normalt både som individuelle forbrukarar og som forvaltingsorgan.
– På den andre sida må vi også tenke litt bedriftsøkonomisk og vere merksame på at endra økonomiske føresetnader kan gje oss negative overraskingar neste år. Særleg er det grunn til å frykte at arbeidsmarknaden vil endre seg negativt neste år og at dette vil få noko å seie for skatteinngangen og dermed våre inntekter. Ein god rekneskap for 2008 kan difor vere nyttig når rekneskapen for 2009 skal salderast, om det då er noko igjen å saldere med.
Nullvekstbudsjett
Fylkesrådmannen peika på at driftsbudsjettet for komande år er i stor grad ei vidareføring av budsjettet for 2008, eit såkalla nullvekstbudsjett for dei fleste sektorane.
– Vi kompenserer for løns- og prisstiging, men heller ikkje meir for dei fleste. Ei stund i budsjettprosessen låg det an til at vi for skulesektoren heller ikkje makta nullvekst. Sidan vi dei to siste åra har finansiert elev-pc-ane med overskotsmidlar, visste vi at det for 2009 låg ei budsjettutfordring på opp mot 30 millionar kroner som måtte løysast. Eg er difor glad for at det i sluttfasen vart mogeleg å vidareføre driftsnivået skulane har i dag til 2009.
Stor vekst i samferdselssektoren
Fylkesrådmannen nemnde samferdselssektoren som viser stor vekst i budsjettgrunnlaget for 2009.
– Ein del av veksten kjem av budsjetteknikk, men det er lagt opp til å vidareføre takstordningane som starta i 2008. Mest kjent her er nok ordninga med éi takstsone i Bergen kommune. Det lønsmessige løftet transportsektoren har fått i 2008 og 2009, såkalla bransjeavtalar og høge drivstoffprisar, gjer at det i budsjettet er foreslått ein gjennomsnittleg takstauke på 2,5 prosent, trass alt ein smålåten auke alt sett under eitt.
50 millionar meir i skatteinntekter
Fylkesrådmannen viste til at på fylkestingets bord ligg ei sak om rekneskapsrapport etter 2. tertial.
– Den viser at det kan gå mot eit overskot i fylkesrekneskapen også for 2008. Særleg skatteprognosen er avgjerande for eit slikt utfall. Så langt har fylkeskasseraren registrert ein skatteinntekt som ligg ca. 50 millionar kroner over budsjettet.
Reell auke i inntektene på 10-15 millionar kroner
Statsbudsjettet vart lagt fram 7. oktober, og så langt fylkesrådmannen har studert det, ser det ut til å være omlag som rekna med.
– Det er i alle høve ikkje dårlegare enn vi tok høgde for i budsjettgrunnlaget. Det ser ut til at vi får vel 40 millionar kroner meir frie inntekter i høve til budsjettgrunnlaget, men sidan staten reknar med ein høgare løns- og prisvekst enn vi la til grunn, vil mesteparten av auken gå med til å dekke dette. Økonomiavdelingas gjennomgang så langt tyder på at den reelle betringa i høve til budsjettgrunnlaget blir på 10-15 millionar kroner. Eg kjem tilbake til dette i revidert budsjettgrunnlag som blir lagt fram i slutten av oktober. Revidert budsjettgrunnlag, i form av eit notat, saman med det framlagde budsjettgrunnlaget går til politisk behandling i utval og ting, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen.
Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen i rikt tekstformat
Les heile talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i rikt tekstformat