
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg gav ros til Øystese gymnas for å vere skulen der ingen droppar ut.
"Mindre vekst, men framleis grunn til optimisme"
Fylkesordføraren viste til utsiktene for 2009 som vart skissert i Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane tidlegare bin år: ”Mindre vekst enn dei siste åra, men framleis grunn til optimisme”.
– Ut frå situasjonen internasjonalt, ser vi no at Noreg også blir påverka og råka av finanskrisa. Det såg lenge ut som regjeringa trudde vi skulle sleppe unna på grunn av solid økonomi, men etterkvart har regjeringa måtte tre inn med nye statsobligasjonar på 350 milliardar kroner slik at bankane får tryggleik til å ta opp langsiktige lån.
Arbeidsløysa vidare ned
Fylkesordføraren peika på at arbeidsløysetala er ein indikator på tilstanden.
– Gledeleg nok gjekk arbeidsløysa ned også i september. Ved utgangen av september var det 1,6 prosent heilt ledige i Hordaland. Inkludert sysselsette på tiltak er talet knapt to prosent, noko som er svært lågt. Men innan industrien og bygg og anlegg har det blitt fleire ledige. Her i Hordaland trur eg likevel det er gode utsikter for desse næringane. Innan olje-, gass- og energisektoren er det store byggjeprosjekt i startfasen. Heldigvis ser det ut til at vi i løpet av 2009 også vil få draghjelp av staten som endeleg skal kome i gang med nybygg som har stått på vent i mange år. Og med dei store investeringane som vi i fylkeskommunen legg opp til å gjennomføre innan skule og samferdsel dei komande åra, vil vi tilføre byggje- og anleggsbransjen store oppdrag.
Normalisering i byggjebransjen
Fylkesordføraren er glad for normaliseringa innan byggjebransjen.
– Det store presset som har vore i denne bransjen dei siste åra, har ført til eit tilhøyrande høgt kostnadsnivå, så ei viss normalisering vil bli helsa velkomen av mange byggherrar. For Hordaland fylkeskommune er det viktig med tanke på at vi legg opp til utbyggingar for nesten tre milliardar kroner dei komande fire åra.
To milliardar til vidaregåande skular
Det meste av investeringane dei neste åra skal gå til skulesektoren.
– For oss i Hordaland fylkeskommune, som er i ferd med å investere nesten to milliardar kroner i nybygg for vidaregåande skular, blir det viktig å nytte oss av ordninga med rentekompensasjon for lån til skulebygningar. Refusjonsordninga kan dei komande åra gje oss ein del millionar kroner i sparte renteutgifter, men kor mykje er enno ikkje klart.
Solskinshistorie
Fylkesordføraren fletta inn ei solskinshistorie frå den vidaregåande skulen i talen sin.
– Vi har i gang ei rekkje tiltak for å redusere fråfallet av elevar i den vidaregåande skulen. Dette er eit viktig arbeid som vi har prioritert gjennom fleire år og som vi må halde fram med. Det er gledeleg med positive resultat. Og det var hyggeleg å sjå at KS i publikasjonen sin om attraktive kommunar trekte fram Øystese gymnas som vart presentert som skulen «– der ingen dropper ut».
Ta ansvar
– Ein sentral tanke i gymnaset sitt opplegg er at skulen er ein arbeidsstad ikkje berre for alle tilsette, men også for elevane. Om du droppar ut, kan det gå ut over fleire enn deg sjølv. Å ta ansvar for eiga læring, for klassekameratar og skulen i det heile, er god trening for vidare yrkespraksis, er innstillinga ved skulen. Eg gratulerer dei med flotte resultat, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i talen til fylkestinget.
Les heile talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i rikt tekstformat
Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen i rikt tekstformat