Fylkeskommunen vil gjenreise Skuteviksboder 11-14

Av omsyn til opplevinga av kulturmiljøet i Sandviken og kulturminneverdiane i dei attverande sjøbodene gjer Hordaland fylkeskommune vedtak om gjenreising av Skuteviksboder 11-14.

Hordaland fylkeskommune gjer vedtak om gjenreising av Skuteviksbodene 11-14. Sandviken i Bergen er eit kulturmiljø med nasjonal verdi. Bydelen vart forma som eit resultat av dei same historiske prosessane frå 1600-talet og frametter som gav Bergen si fysiske form. 

BT.no: Skuteviksbodene skal gjenreises
NRK Hordaland: Skal gjenreise bodene

Skuteviken er eit av delområda i Sandviken. Området var mellom anna stapelhamn for varer og består av sjøboder, bustadhus og anna næringsbebyggelse. I løpet av 1900-åra vart området endra av nyare tiltak. Likevel har det samla tapet av kulturminneverdiar til no vore lite. 

Det opphavelege sambandet mellom dei historiske sjøbodene langs fjorden og bustadbebyggelsen mot aust er intakt. I Skuteviken kan ein difor oppleve ein heilskapeleg historiske bydel og sjå korleis internasjonal handel, bustad- og arbeidsliv kom til å forme Bergen etter 1600.

Brannen i Skuteviken natt til 7. september 2008 førde til at fire sjøboder freda etter kulturminneloven gjekk tapt eller vart sterkt skadde. Tapet av kulturminne med nasjonal verdi er alvorleg. I tillegg er heilskapen i den samanhengande bygningsrekkja sterkt svekka.

Av omsyn til opplevinga av kulturmiljøet i Sandviken og kulturminneverdiane i dei attverande sjøbodene gjer Hordaland fylkeskommune vedtak om gjenreising av Skuteviksboder 11-14.

Skuteviksbodene 12 og 13 er tapte og skal førast opp som rekonstruksjonar med omsyn til eksteriør og materialbruk. Skuteviksbodene 11 og 14 skal sikrast og det er gjort vedtak om rekonstruksjon av desse. Vedtaket er eit viktig steg for å sikre dei attverande kulturminna i Skuteviken og opprette heilskapen i kulturmiljøet, seier konst. fylkeskultursjef Ronny Skaar og fylkeskonservator Per Morten Ekerhovd.

Tiltaka skal planleggast i samråd mellom eigarane, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune. I tillegg til tekniske tiltak vil det bli sett fokus på sikringsspørsmål.

Kontaktpersonar:
Ronny Skaar, konst. fylkeskultursjef, 55 23 91 85/ 930 23 928
Per Morten Ekerhovd, fylkeskonservator, 55 23 91 87 / 95 76 04 81

Stanley Hauge 20.10.2008 14:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart