Folkefest for OL-helt

Sølvmedaljevinnaren frå Beijing OL, Alexander Dale Oen, vart feira med brask og bram i heimkommunen Øygarden måndag 29. september.


Direkte inne på Vestlandsrevyen sprettar Alexander Dale Oen den over to meter lange kaka Øygarden-ordførar Olav Martin Vik (t.h) spanderte på kommunen sin store helt i Rong kulturhus.

Ordførar Olav Martin Vik var først vertskap for ei samling med Alexander Dale Oen sine støttespelarar og sponsorar på Tednebakkane Omsorgssenter før den store folkefesten i Rong kulturhus. Her var samla hundrevis av sambygdingar og eit stort mediaoppbod, mellom anna med direktesending i NRK Vestlandsrevyen.

Imponerande og inspirerande
Med flaggborg, storskjerm, store norske flagg og ei over to meter lang marsipankake pryda med helten sitt bilete på og eit entusiastisk publikum fekk Alexander Dale Oen gjennoppleva noko av stemninga frå si bragd etter sølvmedaljen på 100 meter bryst i OL-bassenget. Mange hyllesttalar og dikt frå sambygdingar, symjepresident Per Rune Eknes, sponsorar og andre satte han tydeleg pris på der han endeleg fekk feira saman med sine eigne.

- Sølvmedaljen var god som gull for oss, slo banksjef Trygve Wåge i Sparebanken Vest fast og hadde dobla sølvbonusen frå 25.000 til 50.000 kroner. Ein annan sponsor, Sparkjeden, slo til med 100.000 kroner. 23-åringen fekk også 5.000 kroner frå bygdelaget.

- Alle OL-medaljevinnarar i fylket får fat frå Hordaland fylkeskommune. Du er den første som får etter eit sommar-OL. Men den eigentlege gåva frå oss får du når Amalie Skrams Videregående skole står klar med 50-metersbasseng på Nygårdstangen, sa varafylkesordførar Tom-Christer Nilsen mellom anna i sin gratulasjonstale.

Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (t.h) kunne endeleg overrekka eit fat til ein sommaridrettsutøvar etter Oen si symjebragd i Beijing 2008.

NRK Vestlandsrevyen 29.09.08 kl. 18:40: Feiret Dale Oen
BA.no: Fikk gullbonus
BT.no: Dale Oen tilbake der det startet

Kystradioen.no: Flere hundre hyllet OL-helt

 

01.10.2008 14:59
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart