Hordaland fylkesting har godkjent forprosjektet for utbygging ved Kvinnherad vidaregåande skule til 134 mill. kr. Vedtaket var samrøystes
Tilbygget skal ha eit brutto areal på 1930 m2 og prosjektet omfattar også ombygging av 4 100 m2 av eksisterande lokale. Skulen vert dimensjonert for å ha plass til 452 elevar.
Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.
Ferdig hausten 2010
Nybygget skal etter plan vera ferdig til 1. desember 2009 og ombygginga av hovudbygget skal vera klar til skulestart hausten 2010.
Etter utbygginga vil all undervisning verta samla på skulen og leigelokale andre stader vert avvikla.
Nybygget
Nybygget skal vera eit tilbygg på eksisterande verkstadbygg med ein overdekka ny gangveg til hovudbygget og skal romme funksjonane til utdanningsprogramma: Helse og sosialfag (HS), studiespesialisering med formgjeving (ST/FO), service og samferdsel (SAS), spesialrom/lab for naturfag. I tillegg kjem nokon mindre birom samt tekniske rom.
Pressemelding frå fylkestinget sitt møte 14. oktober 2008