Business Region Bergen på plass

Business Region Bergen (BRB) er eit regionalt selskap for næringsutvikling og er ein felles satsing for heile regionen. BRB skal samordna nærings- og etableringsutvikling i samarbeid med fylket, kommunar, nettverksorganisasjonar og næringslivet. Nesten he

Dei som i dag er knytta til Business Region Bergen (BRB): Næringspolitisk leiar Vidar Totland (bak frå venstre), adm. direktør Asbjørn Algrøy, næringsrettleiar Gry Sætersdal og kommunikasjonssjef Tone Hartvedt. Framme: Næringsrettleiar Sidsel Humberset og administrativ koordinator Mona Fevang. 
Dei som i dag er knytta til Business Region Bergen (BRB): Næringspolitisk leiar Vidar Totland (bak frå venstre), adm. direktør Asbjørn Algrøy, næringsrettleiar Gry Sætersdal og kommunikasjonssjef Tone Hartvedt. Framme: Næringsrettleiar Sidsel Humberset og administrativ koordinator Mona Fevang.

Profilering og marknadsføring av bergensregionen er sentrale oppgåver for Business Region Bergen as (BRB). Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune er dei to største eigarane i BRB. Følgjande kommunar er også med: Askøy, Austevoll, Fjell, Fusa, Os, Samnanger, Stord, Sund, Vaksdal og Øygarden samt Regionrådet for Nordhordland IKS.

Business Region Bergen har som ei av sine viktigste oppgåver å synleggjere regionen og syna fram dei moglegheitane som ligg i byen og i det sentrale omlandet rundt Bergen. Byen er navet med kultur, fleire utdanningsinstitusjonar og bylivet som server næringslivet og menneska som bur i bergensregionen. Vår region har mykje kunnskap, kompetanse og aktivitet mellom anna innan olje og gass, maritim verksemd, energi, marine næringar som sjømat og oppdrett, samt den store reiselivsbransjen, design og media.

– Business Region Bergen skal vere ein pådrivar i området for å synleggjere viktige næringsklynger og enkeltbedrifter på internasjonale utstillingar og konferansar. Å syna seg fram heime og ute vil vere med å auka den positive profilen med omsyn til kva bergensregionen har å tilby, meiner Asbjørn Algrøy, adm. direktør i BRB. 


Desse jobbar i Business Region Bergen:
Adm. direktør Asbjørn Algrøy, telefon: 56 90 11 60, mobil: 934 52 200
Næringspolitisk leiar Vidar Totland, telefon 56 90 11 54, mobil: 959 12 970
Kommunikasjonssjef Tone Hartvedt, telefon: 56 90 11 56, mobil: 917 29 055
Marknadssjef Tobby-Elisabeth Sander Tomassen (startar 1. desember)
Administrativ koordinator Mona Fevang, telefon: 56 90 11 58, mobil: 995 30 681
Næringsrettleiar Gry Sæterdal, telefon 56 90 11 52, mobil: 945 02 844
Næringsrettleiar Sidsel Humberset, telefon 56 90 11 53

21.10.2008 10:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart