Fylkeskonsertane Hordaland er no på ein omfattande kombiturné som skal gå til ulike stader i Hordaland. 11 kveldskonsertar og 39 skulekonsertar skal dei tre utøvarane Reidun Horvei (song), Einar Mjølsnes (hardingfele/viola da gamba) og Geir Botnen (klave



Geir Botnen, Rediun Horvei og Einar Mjølsnes er på turne med Olav H. Hauge og Geirr Tveitt på programmet (foto: Helge Skodvin)
Ny produksjon
Dette er ein nyproduksjon som gjennom musikken og lyrikken til Olav H. Hauge og Geirr Tveitt vert knytt saman med informative kommentarar. Her får ein òg høyra om livet deira på godt og vondt, og om kva som gav inspirasjonen til dei mangfaldige uttrykksformene dei gav oss.
Musikarane
Musikarane har arbeidd med Hauge sine tekstar og Tveitt sin musikk i over 30 år og har ein stor kunnskap og ei sann formidlingsglede for dette materialet. Reidun Horvei og Geir Botnen gav i 1996 ut dobbel CDen ”50 folketonar frå Hardanger” op. 150 av Geirr Tveitt. Dette var eit pionerarbeid. Å gå i Geirr Tveitt sine fotefar for å finna fram til kjeldene hans, var ei glede. Fleire gonger var dei òg medverkande på scenen saman med Olav H. Hauge. Han hadde svært lett for å koma i kontakt med publikum og vart ofte gripen av stunda utan å vera klår over det sjølv.
Urframføring
Mange komponistar har vorte inspirerte av dikta til Hauge. I denne produksjonen får vi òg eit døme på dette gjennom to urframføringar der komponisten Knut Kristiansen har skrive musikken.
Hardingar
Begge kunstnarane var sterkt farga av kulturen og naturen i Hardanger samstundes som begge var internasjonale i haldningar og uttrykk. Fylkeskonsertane ønskjer gjennom dette jubileumsprogrammet å hylla jubilantane Olav H. Hauge og Geirr Tveitt - og formidla til nye generasjonar noko av vår ypparste dikt- og toneskatt.
Turneplan (pdf)