Vanskeleg for høgt utdanna innvandrarar å få jobb

– Innvandrarar med låg utdanning får jobb med ein gong, mens dei med universitetsutdanning ikkje får jobb, sa Abubakar Barry frå Sierra Leone på den fleirkulturelle konferansen for Vestlandet 11. november.

På den sjuande fleirkulturelle konferansen i Bergen deltok mellom anna Thomas Knudsen i Meland arbeidssenter (f.v.), regiondirektør i NAV, Kenneth Stien og Abubakar Barry, innvandrar frå Sierra Leone.Den 29 år gamle innvandraren frå Sierra Leone har budd ni år i Noreg. Han er  industriarbeidar og busett i Meland kommune der han mellom anna har vore 17. mai-talar. I tillegg er han prosjektleiar for Sierra Leone Association Hordaland og har hjelpt 120 familiar i heimlandet med mat, klede og sko. Abubakar Barry er kritisk til korleis det norske arbeidssystemet fungerer og peikar på kor vanskeleg det er for høgt utdanna innvandrarar å få jobb i Noreg.

På den sjuande fleirkulturelle konferansen i Bergen deltok mellom anna Thomas Knudsen i Meland arbeidssenter (f.v.), regiondirektør i NAV, Kenneth Stien og Abubakar Barry, innvandrar frå Sierra Leone. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

Innvandrarar slit
– Eg kjenner mange innvandrarar som slit. Har du eit namn som ikkje er norsk, er det nesten umogeleg å få jobb. Men er du innvandrar med låg utdanning er det relativt lett å få jobb. Eg vil ikkje tilrå innvandrarar å ta universitetsutdanning, for då får du ikkje jobb, sa Abubakar Barry.

Frå ufaglært til doktorgrad
Regiondirektør Kenneth Stien i NAV er ikkje samd med Barry.
– Vi har behov for innvandrarar også med universitetsutdanning. Dei som kjem til landet er alt frå ufaglærte til dei med doktorgrad. Hovudmålet med NAV-reforma er at vi skal halde folk i arbeid. Noreg er eit land som har pengar, men vi manglar folk. I åra framover vil 15.000 fleire pensjonere seg enn det er tilgang på ny arbeidskraft. Med andre ord mister vi årleg 15.000 arbeidstakarar. Dette har vi løyst med arbeidsinnvandring.

Vi må få integreringa til å fungere
Stien sa vidare at i tida framover er utfordringa vår å auke sysselsetjinga hos ein rakst veksande innvandrarbefolkning.
– Vi må få integreringa til å fungere. I dag har vi 120.000 barn og unge under 25 år med innvandrarforeldre og som snakkar flytande norsk. Dei neste åra blir avgjerande om vi skal lukkast å få dei ut i arbeidslivet. Integreringa framover er avhengig av at dette går bra. Tendensen i dag viser at arbeidsløysa for innvandrarar går nedover, sa regiondirektør Kenneth Stien.

Meistring er nøkkelordet for suksess
Meland arbeidssenter har 85 personar på ulike tiltak som strevar med å komme seg ut i arbeidslivet. Thomas Knudsen ved senteret fortalde at mange av dei har dårleg sjølvbilete og føler liten grad av meistring.
– Meistring er nøkkelordet for suksess. Når du meistrar, får du betre sjølvbilete og auka sjølvtillit. Å ha arbeid gjev sjølvtillit, ein stad å høyre til, økonomi og aksept. Eg har mange frustrerte brukarar som slit med NAV. Det er ein tung veg å gå. Det er vanskeleg å komme fram på telefonen. Det er stadig utskifting av sakshandsamarar. Vi når ikkje gjennom. Det er svært frustrerande. Det ser ut som om NAV er ein etat som har meir enn nok med seg sjølv. Sakhandssamingstida er lang og sakshandsamarane har lite kunnskap. Dokument kjem bort og NAV har for mykje regelfokus. Det ser ut til at mottoet for dei er: ”Det er best å vere langt inne på den trygge sida”.

Advokat Rikke Lassen (t.v.) tok opp korleis det norske rettssystemet verkar på flyktningar og innvandrarar, mens Liv Tvilde Laading er prosjektleiar for konferansen.Advokat Rikke Lassen (t.v.) tok opp korleis det norske rettssystemet verkar på flyktningar og innvandrarar, mens Liv Tvilde Laading er prosjektleiar for konferansen.

NAV-språket er uforståeleg
Advokat Rikke Lassen følgte opp kritikken mot NAV med å kritisere språket etaten brukar.
– Det er ikkje berre innvandrarar som har problem med å skjønne kva som står i vedtak og brev. Sjølv skjønner eg ikkje NAV-språket. NAV snakkar eit språk eg ikkje forstår, sa Lassen og kom vidare inn på fordommane vi har mot innvandrarar.
– Ja, vi har alle fordommar. Det er lov å ha fordommar. Dei som seier dei ikkje har fordommar, snakkar ikkje sant. Vi må finne ut kva fordommane våre har å seie. At ein person er muslim seier ingenting. Vi må finne ut kva det har å seie. Eit standard krasj mellom ein muslim og ein dommar i ein norsk rettssal er når dommaren spør om han er gift og svaret er nei. Så spør dommaren om han har barn og den tiltalte ser ut som eit stort spørsmålsteikn og ikkje kan svare, for i hans kultur er det å ikkje vere gift det same som å ikkje ha barn, så spørsmålet er unødvendig, sa advokat Rikke Lassen.

Hordalandsmodellen
Den sjuande Vestlandskonferansen om eit fleirkulturelt samfunn vart skipa til på Hotel Norge i Bergen og samla rundt 100 deltakarar frå heile Vestlandet. Hordaland fylkeskommune i regi av Hordalandsmodellen var tilskipar. Hordalandsmodellen er eit kompetanseutviklingsprogram retta mot det offentlege tenesteapparatet og det tverrkulturelle arbeidsfeltet.

Tilbake til samlesida med informasjon om den 7. Vestlandskonferansen om eit fleirkulturelt samfunn

Meir informasjon om konferansane og Hordalandsmodellen

Bjarte Brask Eriksen 12.11.2008 15:23
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart