Tok ikkje stilling til val av trase for Sotra-sambandet

Fleirtalet i samferdselsutvalet i Hordaland tok ikkje stilling til val av trase for Sotrasambandet i møtet 12. november. Dei ser fram til at dei berørte kommunane snarast råd vedtek ei omforeint løysing.

Tilrådinga vart vedteke med åtte mot fire røyster. Dei som røysta for var H, Frp, KrF og V. Dei fire røystene mot kom frå Ap og Sp som røysta for løysing med bru i høgspenttraseen sør for noverande bru.

Kjartan Haugnses frå SV røysta for kollektivprioritering av trafikken med bygging av kollektivfelt langs vegen i dag på begge sider av brua og ny bru i høgspenttraseen, slik at det blir samanhengande kollektivfelt. Dette fekk berre røysta til SV.

Saka går vidare til fylkesutvalet 20. november.

Bjarte Brask Eriksen 13.11.2008 15:55
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart