Slutt på gratis pengar til idretten

– Det er slutt på at vi gjev gratis pengar til idretten. Vi krev noko igjen, sa sponsorsjef Jacob Lund i DNB Nor på fylkesidretts-konferansen i Hordaland 20. november.

– Å sponse er å kjøpe seg ein plass i sola, sa Jacob Lund, som er ansvarleg for den største sponsorpotten i Noreg på 102 millionar kroner i regi av DNB Nor, her med to av dei ansvarlege for fylkesidrettskonferansen, Jens Harald Garden og Britt Karen Spjeld.
– Å sponse er å kjøpe seg ein plass i sola, sa Jacob Lund, som er ansvarleg for den største sponsorpotten i Noreg på 102 millionar kroner i regi av DNB Nor, her med to av dei ansvarlege for fylkesidrettskonferansen, Jens Harald Garden og Britt Karen Spjeld. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Får meir for pengane gjennom sponsing
Lund understrekte at det er ingen veldedighet i norsk næringsliv lenger.
– Skal vi sponse eit idrettsslag må laget vere kreativ og gje oss noko igjen. Eit idrettslag må tenke gjennom kva dei kan tilby, før dei kjem til næringslivet for å skaffe sponsorpengar, sa Lund.
DNB Nor er størst på det norske sponsormarknaden med ei årleg utbetaling på rundt 102 millionar kroner.
– Dette er pengar som aksjonærane kunne putta i eiga lomme, men dei vel ikkje å gjere det fordi dei får meir att for pengane gjennom sponsing.

Omdømme og profilering er avgjerande
Og Lund utdjupa korleis finansinstitusjonen DNB Nor får så mykje att for sponsinga.
– I dag er pris og kvalitet for kundane innan bank og finans lik. Det som avgjer kva bank ein kunde vel er omdømme. Omdømme og profilering er avgjerande. Sponsing høyrer ikkje heime under marknadsavdelinga vår, men er eit kommunikasjonsverktøy. Sponsing bidrag til positivt omdømme og betrar dermed den kommersielle profilen og fører til auka sal og auka inntjening.

Sponsing handlar ikkje om logo
Å sponse er å kjøpe seg ein plass i sola. Mange trur at det handlar om å henge på ein logo. Men sponsing handlar ikkje om logo, men om merkevarebygging. Ein logo er eit bumerke, men ein merkevare er ein sinnsoppfatning som skapar assosiasjonar. Vi ønskjer å bli assosiert med positive assosiasjonar. Vi ønskjer å vise at vi tar ansvar og er medspelar i norsk kultur- og idrettsliv. Vi er ein stolt sponsor av mangfaldet.

Finanskrisa har ikkje starta enno
Lund har fått kjeft i media fordi han i media har sagt at finanskrisa blir alvorleg for sponsing.
– Men finanskrisa har ikkje starta enno. Vi har halde liv i norsk idrett og kulturliv i årevis og skal halde fram det i åra framover. Vi har langsiktige kontraktar, men enkelte vil nok merke at det vil bli vanskelegare å få sponsorstøtte frå næringslivet, sa sponsorsjefen i DNB Nor på fylkeskonferansen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv på Thon Hotel Bergen Airport på Kokstad torsdag 20. november. Konferansen samla rundt 100 deltakarar.

Bjarte Brask Eriksen 21.11.2008 13:57
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart