Ny glød for industrireising

- Det bør vere gode moglegheiter for ny næringsutvikling i Bergensregionen med utgangspunkt i næringsklustra på Mongstad og i Øygarden, slo direktør Sigmund Kvernes fast då han måndag presenterte Sintef-rapporten for partnarskapen Mongstadutbygginga.

Direktør Sigmund Kvernes i Sintef og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ser begge store moglegheiter for ny industrireising i aksen Mongstad-Kollsnes.
Direktør Sigmund Kvernes i Sintef og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ser begge store moglegheiter for ny industrireising i aksen Mongstad-Kollsnes.

- Dette er første steg som gir ein ny glød for indiustrireising i heile regionen og vil få betydning for heile nasjonen. Det konstaterte ein oppglødd fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg etter presentasjonen på fylkeshuset.

Rapporten er utarbeida som ein del av eit prosjekt Hordaland fylkeskommune og HOG har initiert for å finna nye moglegheiter for næringsutvikling og ny verdiskaping i bergensregionen på bakgrunn av den store industriutbygginga som no skjer på Mongstad.

Direktør Sigmund Kvernes i Sintef har hatt hovudansvaret for utarbeidinga av rapporten som vart presentert for fylkeskommunen og dei andre aktuelle deltakarane i fylkeskommunen sin partnarskap knytta til Mongstadprosjektet.

Direktør Kjell Petter Årnes ved Statoil Hydro Mongstad gjorde opp status.

Direktør Kjell Petter Årnes ved Statoil Hydro Mongstad gjorde opp status fram til no, og kunne mellom anna fortelja at energivarmeverket no er 80 prosent ferdig. Oppstarten er i 2010.

Årnes peika på tre hovudutfordringar for Mongstad i framtida: Tilgangen på råolje frå Nordsjøen, ein lågare etterspurnad etter drivstoff i Europa og USA, samt utviklings- og rammevilkår vedrørande miljø og klima.

Direktør Kjell Petter Årnes ved Statoil Hydro Mongstad gjorde opp status.


Tre hovudområde

Sintef slår i sin rapport fast at det finst fleire moglegheiter, og det vert særleg peika på tre hovudområde: Petrokjemisk verksemd med utgangspunkt i tilgang på naturgass både på Kollsnes og på Mongstad. Utvikling av ny verksemd knytt til etableringa av testsenteret for CO2-reinsing. Utvikling av ny næringsverksemd knytt til naudsynt infrastrukturoppbygging i regionen.

- Dersom alle partar har den rette innstillinga bør det vere gode moglegheiter for nysatsing og nyutvikling i bergensregionen og langs aksen Mongstad- Kollsnes. Regionen har den store fordelen at naturgass som råstoff ligg lett tilgjengeleg, og dette må dei regionale myndigheitene og lokalt næringsliv utnytta betre enn tidlegare, understreka Kvernes under sin presentasjon. Med ei langsiktig satsing er det fullt mogleg å utvikla Mongstad til eit av dei mest sentrale industristadene i Europa, hevda Kvernes.

Sintef-rapporten vart presentert for deltakarane i fylkeskommunen sin partnarskap knytta til Mongstadprosjektet.Politisk initiativ
- Vi hadde store forventningar til denne rapporten, og er glad for at den er så konkret og samstundes har fanga opp kommunane sine behov, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes i Lindås kommune. det er viktig skal vi få folk til å etablere seg i Nordhordland.

- Vi er godt fornøgd med dei konklusjonane som kjem fram i rapporten, seier initiativtakar og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Nå må vi fordøye innhaldet litt betre og så finna fram til korleis vi skal organisera arbeidet vidare. Vi er sjølvsagt avhengige av å få med oss næringslivet og dei lokale myndigheitene, men eg reknar med at dei vil stilla opp.

Sintef-rapporten vart presentert for deltakarane i fylkeskommunen sin partnarskap knytta til Mongstadprosjektet.

I fylkeskommunen satsar vi no sterkare enn nokon gang på ny næringsutvikling. Denne rapporten gir oss alle ein inspirasjon til vidare arbeid. Rapporten vart godt motteken av våre partnarar, og eg er optimistisk med tanke på den vidare prosessen, seier Selsvold Nyborg.

NRK Hordaland.no: Mongstad vil bli enda større
nordhordland.no: - Kan bli som Singapore
HOG: Nye næringsmuligheter i Bergensregionen

SintefRappN.pdf

Tekst: Ove Lunde og Simon Sortland. (Foto: Simon Sortland) 25.11.2008 15:29
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart