
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og konserndirektør Stein Nilsen i NSB møttest på fylkeshuset for å diskutere felles utfordringar for nye Vossebanen og Bergensbanen.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg innleia med at alle politiske parti er opptekne av bane og å gjere tog konkurransedyktig med fly. Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, fylkesrådmann Paul M. Nilsen og samferdslesjef Magnus Vestrheim deltok også på dette første møtet med den nye NSB-sjefen. Frå NSB møtte også regionsjef Harald Skaarnes.
- Å få ned reisetida Bergen-Oslo til tre-fire timar er det som skal til. Då må først Bergensbanen rustast kraftig opp. Vi må likevel ha to tankar i hovudet samstundes, med planane om høgfartsbanar som ligg lenger fram i tid. For det andre må reisetida Bergen-Voss kome i ned under timen, og vi finn oss ikkje lenger i å ta til takke med gamalt togmateriell på denne strekkja, helsa Selsvold Nyborg den nye konserndirektøren i NSB.
- Infrastrukturen må følgja med
John Martin Jakobsen frå samferdsleavdelinga orienterte kort om prosjektet Nye Vossebanen med ein prislapp på to milliardar kroner og Ringeriksbanen. Vossebanen står framfor store utfordringar med omsyn til infrastruktur, vognmateriell, informasjon, marknadsføring, ruteplan og samordning med bussruter. I rapporten er det peika på tiltak som kan føre til redusert reisetid, betre rutetilbod og betra kapasitet på Vossebanen.
- Vi er absolutt ikkje nøgd med stoda i dag, vedgjekk konserndirektør Stein Nilsen. NSB har ein årleg trafikkvekst på tre prosent, men også aukande problem med forseinkingar. Sommarsesongen i år kan vi ikkje få ei gjentaking av. No er det om å gjere å få satt politisk vilje ut i handling. Vi er veldig uroa over utviklinga, og jobbar med Jernbaneverket for ein auka oppgraderingstakt av infrastrukturen.
- På Bergensbanen har vi allereie fått på plass sju nye togsett, og NSB har med opsjonar inne ordrar for totalt 150 nye togsett. Vi investerer for to milliardar i nye tog. Fram til 2012 er vi låst på Bergen-Voss, men då får vi også her nye og moderne tog, heldt NSB-sjefen fram.
Utan eit vesentleg løft for infrastrukturen som utbetring av banelegemet, utbetringar av kurvatur, nye krysningspunkt mv vil ein ikkje kunne få opp farten på toga. Alle toga i dag er konstruert for fart over 160 km/t, men når dei vert tvinga til å køyre i 30 km/t som ved Trengereid-Takvam, syner det klart at nytt togmateriell åleine ikkje løyser problema.
Samordning
Under møtet vart det også diskutert nye billetteringssystem, takstharmonisering og korrespondanse mellom tog, buss og båt. Arbeidet med nye hamneplan for Bergen og meir transport over på bane var også eit av tema ein diskuterte og vil ha dialog om vidare.
Både fylkesordføraren og NSB-sjefen var samde om måla med eit betre togtilbod, og vil saman arbeide for å nå dei felles måla for utvikling av Bergensbanen og Vossebanen.
Vossebanen07.pdf
Vossebanen 3000107.pdf