Samferdselsutvalet vil at kampen om ny godshamn for Bergensregionen skal stå mellom fem hamnar: Bergen indre hamn, Coast Center Base på Ågotnes, Flesland, Lundaneset i Sund og Mongstad.
Dette vart tilrådd mot røysta til SV.
Bogøy i Fusa kommune og Vindeneskvarven i Fjell kommune er ute av kampen. Plassering av ny godshamn skal no ut på høyring med brei deltaking frå mellom anna kommunar, interesseorganisasjonar, fylkesmannen, Forsvaret, med fleire.
Endeleg politisk handsaming skal skje i fylkespolitiske organ i februar neste år.
Fylkesutvalet skal i møte 20. november ta endeleg stilling til kva kandidatar som skal vere med i høyringa.