Ja til bompengar på Haukeli

Samferdselsutvalet i Hordaland seier ja til bompengar for å finansiere miljøtunnelar på Haukeli, men meiner prinsipielt at viktige stamvegar bør fullfinansierast av staten.

Tilrådinga er gjort med ni mot fire røyster. Fleirtalet var samansett av Ap, H, V, Sp, og KrF, mens Frp og SV røysta imot.

To lange tunnelar
Det er Samferdselsdepartementet som i brev til Vegdirektoratet ber om å få kartlagt potensialet for bompengar for nye tunnelar over Haukeli. Det er planlagt ein 13,9 kilometer lang tunnel frå Seljestad til Valldalen og ein tunnel på 10,7 kilometer frå Valldalen til Ulevå. Med slik løysing vil opp- og nedkøyringane ved Røldal bli historie.

Statleg ansvar
I samferdselsutvalet sette Georg Indrevik (Frp) fram forslag om at finansiering av stamvegar er statleg ansvar og må fullfinansierast av staten. Dette fekk dei tre røystene til Frp og fall.

Viktig fjellovergang
Nils-Olav Nøss (Ap) sette fram forslag om at Haukelivegen er ein stamveg som har landsdekkjande funksjonar. Vegen er ein viktig fjellovergang for sambandet aust-vest og nord sør og at slike viktige stamvegar bør fullfinansierast av staten, men utvalet er likevel innstilt på å bruke bompengar for å få realisert dei planlagde miljøtunnelane. Forslaget vart sett fram på vegner av Ap, H, V, Sp og KrF og vart tilrådd med ni røyster.

Imot bompengar
Mindretalet på fire, Frp og SV, røysta på tilrådinga til fylkesrådmannen som gjekk imot å bruke bompengar på dette sambandet fordi det ikkje er eit trafikksterkt område og at det må finnast rom for statlege midlar til prosjekt i distrikta som ikkje kan finansierast med bompengar.

For bompengar
Fleirtalet i samferdselsutvalet meiner trafikkmengd og høg del av tungtrafikk talar for at bompengar kan nyttast og ber Statens vegvesen greie dette ut.

Saka går vidare til fylkesutvalet 20. november.

Bjarte Brask Eriksen 14.11.2008 09:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart