Byggjestart for utvida skule i Austevoll

– Dette er ein stor dag for Austevoll og ein stor dag for Hordaland fylkeskommune, seier Roald Steinseide, leiar av opplærings- og helseutvalet, etter at utvidinga av Austevoll vidaregåande skule starta søndag 2. november.

– Dette er ein draum for Austevoll-samfunnet. Det er absolutt heilt nødvendig å utvide skulen, seier leiaren av Opplærings- og helseutvalet i Hordaland, Roald Steinseide, som tok det første spadetaket 2. november.

Noverande skule er sprengt
– Vi er glade for at vi er komne i gang med utbygginga. Først prøvde vi å kjøpe Statens hus, men då det ikkje gjekk, er vi glade for at vi byggjer sjølv. Den noverande skulen er sprengt, seier Steinseide som tok det første spadetaket for den nye og utvida skulen.

70 millionar kroner
Dåverande Fiskarfagskulen i Austevoll starta i 1978 i ein hovudbygning på 1650 kvadratmeter, pluss ein verkstadbygning på 800 kvadratmeter. No skal 650 kvadratmeter av hovudbygningen byggjast om. I tillegg får skulen eit tilbygg på 1400 kvadratmeter. Alt til ein kostnad av 70 millionar kroner.

Møtte ordførar og næringslivet
I samband med byggjestarten 2. november møtte Roald Steinseide ordførar Helge Andre Njåstad og representantar for næringslivet i kommunen.
– Dette er ein stor dag for Austevoll-samfunnet og også for kysten og dei maritime næringane, seier ordførar Njåstad.

Ein draum for Austevoll
– Alle ser lyst på utbygginga. Dette er ein draum for Austevoll-samfunnet. Det er absolutt heilt nødvendig å utvide skulen. Skulen har også søkt om å få elektrolinje, og det er umogeleg utan utbygging, seier leiaren av opplærings- og helseutvalet i Hordaland, Roald Steinseide.

Ferdig utbygt 1. august 2010
Utbygginga av skulen skal vere ferdig sommaren 2010, og den nye og utvida skulen blir teken i bruk 1. august same år. Skulen skal ha 260 elevar delt på 14 klassar og om lag 35 tilsette. Skulen skal vere både ein vidaregåande skule og ein teknisk fagskule med studiespesialisering, helse- og sosialfag, restaurant- og matfag, teknikk og industriell produksjon, maritime fag, naturbruk innleiande grunnkurs, tilrettelagt undervising og allmennfagleg påbygging.

Slik skal den nye og utvida skulen i Austevoll sjå ut ved skulestart i august 2010 sett frå inngangspartiet.
Slik skal den nye og utvida skulen i Austevoll sjå ut ved skulestart i august 2010 sett frå inngangspartiet.

Nye Austevoll vidaregåande skule får auka arealet med 1400 kvadratmeter i tillegg til at 650 kvadratmeter av den noverande bygningen blir ombygd. Arkitektfirmaet Link Signatur er totalrådgjevar for utbygginga.

Bjarte Brask Eriksen 03.11.2008 15:46
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart