Ber Navarsete gripa inn på strekninga Halhjem-Sandvikvåg

- Vi ber innstendig om at samferdselsministeren gjer det som er mogleg for at kontrakten mellom vegstyresmaktene og operatøren vert oppfylt ved å få sett inn ei ekstra ferje på strekninga Halhjem-Sandvikvåg, skriv fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i e

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete tala om korleis snarleg få gode kommunikasjonar på Vestlandet på næringskonferansen i fjor.

Frå måndag 17. november vart ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg svekka grunna at «Bergensfjord» skal på verkstadopphald fram til fredag 28. november. Det fører til at alle avgangar merka C i ruteheftet vil utgå i perioden. Til no i år har C-ferja vore kansellert 17 døgn. Neste år er det varsla endå fleire kanselleringar for C-ferja, opptil 60 døgn grunna vedlikehald.

- Sidan Fjord 1 fekk konsesjon på strekninga Halhjem -Sandvikvåg, har det vore ein kraftig trafikkauke på nærare 40 prosent. Allereie i sommar bad vi om tiltak då vi såg kva konsekvensar stadige kanselleringar av C-ferjene får for persontransport og næringslivet vårt, skriv fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til samferdselsminister Liv Signe Navarsete i dag.

Fylkesordføraren understrekar at dette er heilt uhaldbart for næringslivet i Hordaland, og skapar også stor misnøye i persontrafikken.

- Difor ber vi innstendig om at samferdselsministeren gjer det som er mogleg for at kontrakten mellom vegstyresmaktene og operatøren vert oppfylt ved å få sett inn ei ekstra ferje på strekninga. Dette er heilt naudsynt for å demma opp for dei mange kanselleringane som kostar transportnæringa store beløp, og som fører til forseinkingar for Kystbussen og for alle som må stå att på ferjekaien og vente, avrundar Selsvold Nyborg.

Brev til Navarsete c-ferjer.pdf

Simon Sortland 17.11.2008 14:04
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart