Årsbudsjett 2009: Påplussing til opplæring, kultur og samferdsel

Fleirtalet i fylkesutvalet går inn for å fordela 10 mill. kr til driftstiltak og 12,5 mill. kr til investeringar i høve til fylkesrådmannen sitt forslag til budsjett for Hordaland fylkeskommune for 2009. Påplussingane går i hovudsak til opplæring, kultur

Det er samarbeidspartia Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti sitt forslag til budsjett som er tilrådd. ( 8 røyster.)

Andre forslag
Arbeidarpartiet, SV, Venstre og Sp fremja eigne budsjettforslag som høvesvis fekk desse partia sine røyste. Ap, SV og Sp fremja felles verbalforslag - eit forslag som fekk 6 røyster (Ap, SV, SP).

Fylkestinget
Fylkestinget skal vedta budsjettet på møte 9.-10. desember.

Påplussingar
Det tilrådde forslaget frå H, Frp, KrF, omfattar slike påplussingar i høve til fylkesrådmannen sitt forslag:

Opplæring
Til oppfølging av forvaltingsrevisjonsrapporten om vidaregåande skular vert løyvd 1,2 mill. kr. Til auka innsats mot bortval (fråfall) i skulen vert det plussa på 750 000 kr. Til TAF-ordninga vert det løyvd 1,0 mill. kr for å få i gang slikt tilbod i Sunnhordland (Kvinnherad/Stord) i samarbeid med næringslivet der. Like eins vert det løyv 0,5 mill. kr til oppføling av bibliotekplanen for skulane.
 Samla påplussing til drift 3,45 mill. kr.

Investeringsbudsjettet vert styrkt med 10 mill. kr til utstyr ved dei  vidaregåande skulane, som vil gje ei dobling i høve til årets løyving.

Samferdsel
Løyvinga til fylkesvegvedlikehalde vert styrkt med 1 mill. kr og det vert sett av 0,5 mill. kr til informasjonstiltak i samband med nytt billetteringssystem og ymse nye tiltak innan kollektivtrafikken.
 Til Forum nye bergensbanen vert det føreslått 100 000 kr. 750 000 kr er sett av til å la samordninga av miljøkort på Voss og Stord med dei ordinære periodekortordningane, skje over lengre tid enn det som er opplegget i fylkesrådmannen sitt budsjettforslag.
 Samla påplussing til drift samferdsel: 2,35 mill. kr.

På investeringsbudsjettet vert det løyvd 2,5 mill. kr til opprusting av bruer på fylkesvegane.

Kultur og idrett
Fleirtalet i fylkesutvalet føreslår løyvingar til nokre nye tiltak og påplussingar av ei rekkje andre  innan kultur og idrett, i alt 2,85 mill. kr fordelt slik:

500 000 kr Pilgrimssenter Røldal prosjektstøtte 
300 000 kr Vestnorsk utvandrersenter 
150 000 kr Moster Amfi 
100 000 kr Bullahuset 
100 000 kr Stend hovedgård 
200 000 kr Idrettsplan 
200 000 kr Folkehelse/MOT 
500 000 kr Friluftsrådet 
100 000 kr Arboreet 
100 000 kr Trallebane Ålvik prosjektstøtte 
250 000 kr Bergen bymuseum 
150 000 kr Kunstmuseene 
100 000 kr Bergen Kunsthall 
 50 000 kr Vestnorsk filmsenter 
 50 000 kr Vestnorsk Jazzsenter 
 
Andre tiltak
Til  sjukefråversprosjekt (PREP) vert det sett av 100 000 kr.

Dei samla påplussingane på 10 mill. kr til drifta, er førselått finanserte med 7,5 mill. kr frå disposisjonsfond og 2,5 mill. kr i midlar frå momskompensasjonsordninga.

I samband med at investeringsbudsjettet vert auka med 12,5 mill. kr med støre låneopptak, vert det sett av 1,25 mill. kr meir til renter og avdrag.

Verbalforslag frå H, Frp, KrF
I det tilrådde forslaget frå Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti vert det bede om nærare vurdering av ei rekkje tiltak som ein eventuelt vil koma attende med løyving til seinare.

- Ber om ei sak med vurdering av moglegheitene  for å utvida ungdomskortet med eitt årskull eller utvida studentkortet til studentar over 30 år. 
- Ber om ei sak om ei sonejustering i Sunnhordland som reduserer reisekostnadene innanfor same ramme som dagens miljøkort. 
- Ber om ei sak med framlegg til tiltak som kan bidra til å halda på den høge kollektivdelen som no er i Bergen. 
- Oppretting av et Kulturelt Utviklingsprogram som del av RUP med ei førebels ramme av regionale midlar på 3,5-4 mill. kr 
- Ber om ei sak om moglegheit for bruk av biogass i buss i Bergen 
- Ungt entreprenørskap skal ha same overføring som i 2008 
- Sak om nivået på kost/vask - driftskontraktar med vurdering av mogleg  overføring til vedlikehald 
- TAFF-utviding føreset medverknad frå industrien 
- Årleg støtte til utvandrarsenteret føreset at dei blir ein del av den rullerte museumsplanen og dei konsoliderte musea 

Lenkjer til forslag – pdf-filar
Forslag frå Høgre, Fremskrittspartiet og Kristeleg folkeparti (Tilrådd med 8 (H, Frp, KRF) røyster.)
Forslag frå Arbeidarpartiet (4 røyster (Ap))
Forslag frå Sosialistisk Venstreparti ( 1 røyst (SV))
Forslag frå Venstre (1 røyst (V))
Forslag frå Senterpartiet (1 røyst (Sp))
Felles verbalforslag frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet (6 røyster (Ap, SV, Sp)

Pressemelding andre saker i fylkesutvalet 20.11. 2008 - pdf-fil
 

Stanley Hauge 20.11.2008 15:01
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart