
Miljøprisen 2006 gjekk til dåverande ordførar Erling Walderhaug (på talarstolen) og representantane for «Folkeaksjonen for heving av kvikksølvet frå U-864»: Reidun Moldøen (f.v.), Lisbeth Stuhaug og Marie Karlsen. Prisutdelar var Georg Indrevik, leiar av Kultur- og ressursutvalet.
I dag overleverte Kystverket sin sluttrapport om miljøtiltak for vraket av den tyske ubåten U-864 ved Fedje til fiskeri- og kystminister Helga Pedersen. Den tilrår Fiskeri- og kystdepartementet å sikra kvikksølvlasta på 65 tonn for framtida med innkapsling og tildekking.
- Vi var glade for at Regjeringa ville ta ei ny vurdering av å heva ubåtvraket. Uroa botna sjølvsagt i at Regjeringa ikkje tok høgde for andre enn sin eigen fagetat, Kystdirektoratet, som synes tildekking er den einaste og beste løysinga. Dei lytta ikkje til andre fagmiljø, folkeaksjonen, eigne fylkeslag eller regjeringskollegaer før presset vart for massivt. Vi vona dette skulle bli ei reell vurdering, og ikkje berre ein politisk time-out før valet, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Mistar truverde som miljønasjon
Ho legg til at alle som stod på for å få Regjeringa Stoltenberg til å snu i denne saka og få stansa anbodsprosessen for tildekkingsalternativet, ikkje må gje opp men kjempa vidare saman med «Folkeaksjonen for heving av kvikksølvet frå U-864».

- Dette fjernar verken problemet eller frykta. Vi vil ikkje kjenna oss heilt trygge før kvikksølvet er fjerna frå havet. Då må ubåtvraket hevast og kvikksølvet handterast på land. Vi veit det kostar mykje å få heva ubåtvraket, men kostnadane på lang sikt fryktar me vil verta langt større. Teknologien for å heva ubåtvraket utan lekkasjar, og å få med alt botnslammet, finst i regionen vår i dag.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg vil kjempa vidare for heving av Fedje-ubåten.
- Kvikksølvutslepp i den storleik som ubåtvraket representerer, kan gje uante konsekvensar for fisk og skaldyr og dermed også for fiskeri- og oppdrettsnæringane. Vi må gjera alt me kan for å unngå at kystområda våre og Nordsjøen, spiskammera våre, vert utsette for slik ureining. Då må vi handla slik at sjømaten vår, som er viktig både til innanlands bruk og til eksport, ikkje kjem i vanry.
Det er stor interesse internasjonalt for korleis vi handterer og løyser dette miljøproblemet. Så sterkt som vi her i landet står på barrikadane for å få andre nasjonar til å stoppa miljøureining som trugar vårt land (Sellafield), må vi syta for å gjera jobben grundig når vi sjølv har problemet.
Les meir om saka:
VG.no: Vil dekke til ubåtvraket utenfor Fedje
Aftenposten.no: Vil dekke til ubåtvraket utenfor Fedje
Bergens Tidende: Vil ikke heve Fedje-ubåten
NRK Hordaland: - Ein breier ikkje over ein dunge med møkk
TV2: Ubåt-vrak skal ikke heves
BA: Pakker inn giften og lar den ligge
Fiskeri- og kystdepartementet: Utgreiingar og tilrådingar om U-864