
Jentene i 1H på jorbruksskulen er klar for det store eventyret i Ungarn. Men Simb Ridge må pent bli att på Voss. (Foto: Tormod Valaker.)
pprettinga av denne hestefagklassen vil frå komande haust gje 6-8 elevar på Vg2 ved Voss jordbruksskule om utdanning og spesialisering ved denne velrenommerte skulen i Ungarn. Opphaldet for elevane vil vera frå 1. oktober 2008 til 20. april 2009.
Inn i ordinære klassar
Når elevane kjem attende til Voss, skal dei gå i dei ordinære Vg2 hest & hovslagargruppene og ta obligatoriske eksamenar etter den norske læreplanen. Men med seg frå Ungaren får dei vitnemål (på engelsk) frå skulen i Babolna.
Fjernstudium
For å halda god kontakt med elevane og for å sikra seg at både det faglege og det sosiale har høg kvalitet, vil dei frå Voss jordbruksskule si side følgje opp elevane i dei naudsynte fellesfaga gjennom eit system med «reiselærar», sjølvstudium og bruk av læringsplattforma ”It’s learning”.
Kostnad
Prosjektet har ei kostnadsramme på 360 000 kr, fordelt med 150 000 kr i år og 210 000 kr i 2009.
Dempa ambisjonar
Samstundes om fylkesutvalet godkjente hestefagklassen, tok dei med eit eige punkt mynta på at andre skular som går med planar om tilsvarande utdanningstilbod utanlands bør dempa slike ambisjonar. I vedtaket heiter det: «Med unnatak av særskilde høve vil ikkje Hordaland fylkeskommune støtte oppretting av nye skuletilbod utanlands før det er gjennomført ein grundig gjennomgang av fylket sitt internasjonale engasjement med tanke på ambisjonar og satsingsområde.»
Lenkje
Pressemelding frå fylkesutvalet