
Urban Formidling frå Bergen handelsgymnasium/Bergen katedralskole vant 1. prisen for Beste ungdomsbedrift i Hordaland under Fylkesmessa 2008. På biletet vinnarane Khorsid Rata, Inga Øystese Hovde, Hanna Tvedten Jorem, Simon Oliver Omundsen og Knut Strøm. (Foto: Erlend Ytre-Arne Vågane)
Ungt Entreprenørskap Hordaland si årlege fylkesmesse i Grieghallen samla i år over 100 ungdomsbedrifter og 500 deltakarar. Dei konkurrerte i 14 ulike kategoriar. Det er for tida omlag 180 ungdomsbedrifter ved dei vidaregåande skulane i Hordaland.
Livsstilsguide
Forretningsidéen til Urban Formidling UB ved Bergen handelsgymnasium er å tilby ein livsstilsguide for ungdom og studentar i Bergen for å gi ein større opplevingsverdi av det urbane kulturlivet og dei sosiale møteplassane i sentrumsområdet. - Vi vil på denne måten fremja dei uavhengige verksemdene og formidla verdien av det kulturelle mangfaldet i Bergen, heiter det i forretningsplanen. Lærar er Ann Hilde Hofstad.
Urban Formidling UB gjekk til topp i tre klassar - Beste ungdomsbedrift, Kulturbedrift og Utstilling. Voss jordbruksskule vart Hordalands første Entreprenørskapsskole.

Betre organisert og betre vern i databagen er forretningsideen til Build Bag UB ved Kvinnherad vidaregåande skule. Frå venstre administrasjonssjef Juni Erika Kvåle, økonomisjef Beheshtah Sadat og medarbeidar Silje Merete Solfjell. (Foto: Simon Sortland).

- Mentoren vår er verdsmeister i sjokoladefaget, Mike Raddington. Han har me lært utruleg mykje av, fortel produksjonssjef Ronny Sørensen og økonomisjef Lisbeth Økland i Sjoladekameratene UB. Alle i denne bedrifta går Kokk-servitør VG 2 ved Fitjar videregåande skule.
Produksjonssjef Ronny Sørensen og økonomisjef Lisbeth Økland i Sjoladekameratene UB frå Fitjar videregåande skule hadde ei bokstaveleg tala smakfull stand i Grieghallen, men nådde ikkje opp i den beinharde konkurransen. (Foto: Simon Sortland).

Stor deltaking på Ungt Entreprenørskap Hordaland si årlege fylkesmesse i Grieghallen torsdag 13. mars 2008. (Foto: Simon Sortland).
Vinnarane på Fylkesmessen Hordaland 2008