Hordaland fylkeskommune får 4,65 mill. kr i tilskot frå staten til to prosjekt for å gjera det lettare for kollektivreisande, anten dei har med seg barnevogn eller sit i rullestol, når dei nyttar bussane ved Bystasjonen i Bergen og terminalane i Loddefjor
Bystasjonen
Detaljprosjektering av universell utforming av den framtidige Bystasjonen/Nonneseter i Bergen var prioritert på topp i fylkeskommunen sin søknad om statlege midlar til universelle utformingstiltak i 2008. Til dette prosjektet får fylkeskommunen 3,75 mill. kr slik det var søkt om.
Prosjektet er kostnadsrekna til 5,0 mill. kr og fylkeskommunen yter 1,25 mill. kr i eigendel.
Terminalar
Fylkeskommunen får også 900 000 kr til universelle utformingstiltak på bussterminalane i Åsane, Loddefjord og Knarvik. Her skal fylkeskommunen stilla med eigendel på 300 000 kr.
Fordelte 52 mill. kr
Den statlege tilskottsordninga til kommunale og fylkeskommunale tiltak for meir tilgjengeleg kollektivtransport er eit viktig verkemiddel for å styrkje transporttilbodet av alle grupper av reisande.
For 2008 er det løyvd 52,1 millionar kronar til ordninga. Ordninga delfinansierer kommunale og fylkeskommunale tiltak som støttar opp under den innsatsen som offentlege etatar og verksemder gjennomfører for betre tilgjenge for alle reisande, i heile reisekjeda. Det vert kravd ein lokal eigendel på minst 25 prosent. Vegdirektoratet administrerer ordninga.
Lenkje
Pressemelding frå Samferdselsdepartementet