«Sjekk det håret» – utstillingsopning på Osterøy museum 12. mars

Den mangfaldige vandreutstillinga «Sjekk det håret» er eitt av Hordaland fylkeskommune sine bidrag i Mangfaldsåret 2008. Utstillinga vert opna på Osterøy museum onsdag 12. mars kl 12.30 av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
  • Sjekk det håretIntimt  – og offentleg
  • Berre for dei næraste – og for alle å sjå
  • Lokalt og internasjonalt
  • Heilagt og «big business»
  • På tvers av tid, tru, skikk og bruk

Kva desse stikkorda gjeld? Håret vårt, sjølvsagt – tema for vandreutstillinga «SJEKK DET HÅRET». 

Leikande innfallsport
Hår kan studerast i dei fleste samanhangar, og er vald som ein ypparleg og leikande innfallsport til å skapa større medvit om eigen og andre sin kultur, og auka toleransen for kulturelt mangfald i dagens samfunn.

Vandreutstilling i to år
Utstillinga er særleg retta mot ungdomsskuleelevar, og Den kulturelle skulesekken syter for at vandreutstillinga skal nå ungdomsskuleelevar i heile Hordaland dei neste 2 åra.

Elevoppgåver
Moderne formidlingsteknikk kopla med velrøynde utstillingsmåtar er tekne i bruk for å auka oppleving, innsikt og engasjement. Tilhøyrande undervisningsopplegg og nettsider vil inspirera elevane til å arbeida vidare på eiga hand med dette mangfaldige temaet. Elevane kan sjølve ta del i det vidare utstillingsarbeidet.

Myldrande samarbeid
Utstillinga er laga i eit myldrande samarbeid mellom arkiv, bibliotek og musè i Hordaland og  Hordaland fylkeskommune, og har vore eit stort regionalt løft. Prosjektet har også fått solid støtte frå AMB-utvikling.

 

07.03.2008 13:05
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart