Faksimile frå Strilen 4. mars 2008.
Den gamle rekorden frå 2007 vart knust med heile 40.000 kroner. Innsamlingane til Aserbadsjan starta i 2004 og har fått inn over ein million kroner så langt. Det er elevrådet ved skulen som kvart år har bestemt at alle Knarvik-elevane sender pengane til Aserbadsjan i staden for å ha ein vanleg Operasjon dagsverk. Pengane går til ein organisasjon kalla Norwegian humanitarian enterprise, og dei skal bruka gåva til barneheimen Merdekan i Baku og yrkesopplæringssentra i Ganja og Sheki.- Eg trur me kan venta oss litt av kvart, fortel elev Janne Silvelinn Tjore til Strilen om reisa til Aserbadsjan 21. til 27. april. Ho reiser saman med superinnsamlar Halldis Krossøy og lærar Erlend Åsebø.