Prøveprosjekt med helsefagskule i Fusa og på Fitjar

Hordaland skal til hausten få fagskuletilbod innan helsefag. Fylkesutvalet rår til at det vert sett i gang fagskuletilbod innan helsefagutdanning ved Fitjar og Fusa vidaregåande skular. Tilbodet i Fusa skal vera innan psykisk helsearbeid og på Fitjar vert

Det vert i denne omgang lagt opp til at desse fagskuletilboda vert tidsavgrensa prosjekt i perioden frå hausten 2008 til sommaren 2010.

Fylkestinget skal ta endeleg avgjerd om opprettinga 24. april.

Deltidsutdanning
Ved begge skulane skal desse fagskuletilboda gjennomførast som deltidsutdanning over to år.

Kostnad
Kostnadene med to års drift av desse klassane er budsjettert til 2 mill. kr. Fylkeskommunen har fått 1 mill. kr i statstilskot og reknar med å få 0,6 mill. kr til. For å kunna oppretta tilbodet går fylkeskommunen inn med 400 000 kr i eigendel.

Fylkestinget har vedteke at dersom det skal skje utviding eller oppretting av nye tilbod ut over det store omfanget Hordaland fylkeskommune sitt fagskuletilbod har, så skal tilboda vera fullfinansierte av staten.

Satsingsområde
Helsefagskule er eit nytt tilbod på landsbasis og eit av statsingsområda til staten. Dersom Hordaland fylkeskommune kan visa til to godt utprøvde helsefagskuleutdanningar vil dette klart betra sjansen til å få driftsmidlar frå ei ny statleg finansieringsordning, når den kjem på plass, heiter det i saksutgreiinga.

Lenkje
Pressemelding frå fylkesutvalet

Stanley Hauge 13.03.2008 16:43
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart