Påskjøning og tillitserklæring

Vi ser på tildelinga av 32 mill. kr i belønningsmidlar for 2008 som ei påskjøning for det arbeidet som vert gjort for å styrkja kollektivtransporten i Bergen, og mellom byen og tettstadane rundt. Vi takkar for tildelinga og ser fram til vidare støtte frå

Like eins opplever vi at tildelinga er gjort i tillit til planane og opplegget vårt for kollektiv-trafikken framover, seier fylkesordføraren i brevet.

Takstane har gått ned
Takstpolitikken har vore sentral i satsinga til fylkes-kommunen, og trekkjer fram: «Siste takstauke var 1. januar 2003, deretter har det vore takstfrys og til og med nedsetjing av prisane for fleire korttypar. Ungdomskortet som vart innførd  for fleire år sidan har vore ein

Buss og bilar

stor suksess. Vi har prioritert å setja ned prisen på kortet to gongerog utvida bruksområdet. Frå 1. januar 2007 vart periodekortprisen redusert med 10 % og prisen for reiser mellom Bergen om omlandssentra vart redusert med ei takstsone frå 1. januar 2008.»

Stor oppgåver ventar
«Vi står framfor store nye oppgåver med nytt og effektivt billetteringssystem, drift av bybana og ikkje minst må dei trafikkale forholda for betre og raskare framkomst for kollektivtrafikken prioriterast. I dette arbeidet treng vi, i tillegg til nært samarbeid med kommunane, støtte frå staten ved Samferdselsdepartementet mellom anna med midlar både til investeringar og drift,» heiter det i brevet.

Betre miljø og helse
Vi ser fram til vidare god kontakt og samarbeid om dei ufordringane vi står overfor når det gjeld ytterlegare styrking av kollektivtrafikken. Målet vårt er sterkt redusert bilbruk i storbyområdet – med betre miljø og helse for innbyggjarane som resultat, avsluttar fylkesordføraren med.

Pressemelding om tildeling av belønningsmidlar

Stanley Hauge 28.03.2008 15:50
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart