Ny energi for nyskaping

Leia av ein humørfylt Ole Hamre og tankjevekkande føredrag om kreativitet og innovasjon gav nyskapingsveka Grow 08 i Grieghallen ny energi og motivasjon for tilhøyrarane.


Musiker og komponist Ole Hamre var ein humørfylt konferansier under hovudarrangementet til Grow 08 i Grieghallen torsdag.

- Platon sin definisjon av innovasjon er at alt eksisterer frå før, det gjeld berre å finna det, sa musiker og komponist Ole Hamre som saman med Siren Sundland var dagens konferansier for Grow 08 – nyskaping i Bergen torsdag.

Hamre lagar musikk av språk, og hans verk basert på ei heilt vanleg melding frå ei flyvertinne fekk latterdørene på vidt gap og opna sinna for eit entusiastisk publikum. Dagens konferansier oppmoda alle til å  bryta ut av vår biologiske tryggleik for å skapa noko nytt. Eit fantastisk døme på det er FOLKOFONEN, noko ein må oppleva for å forstå.

- Kvifor ikkje?
Cecilie Hertz frå Umbilical Design snakka også varmt om dette, og at det å skapa noko nytt krev mot. Hennar firma jobbar med industriell design innan romfart, og har overført sine røynsler herifrå til å skapa løysingar for både transportsektoren, byggebransjen og fritidsbransjen. 

Hertz fortalde at nøkkelen ligg i kommunikasjonen med brukarane, til dømes korleis astronautane ville at deira arbeidsplass skulle vere.

- Er det noko eg ønskjer de kanskje vil hugse frå dette føredraget er det følgjande to ord: Kvifor ikkje? Når nokon kjem med ein sprø ide, ikkje avvis den, men spør: Kvifor ikkje?, var bodskapen frå Hertz.

Staus quo og grasrotrørsler
Dagens hovudattraksjon var Alan Webber frå Fast Company. Føredraget hans hadde tittelen ”Korleis skape eit godt miljø for innovativ praksis?”. Med sine forteljarevner og entusiasme vart det meir eit vekkingsmøte.


Gjennom sine tre historier, mellom anna den om Nobels Fredspris-vinnar i 2006, Muhammad Yunus frå Bangladesh og Grameen Bank. Dei fekk prisen for sitt arbeid for gjennom å gje mikrokreditt til fattige kvinner å skapa økonomisk og sosial utvikling nedanfrå.

- Yunus såg eit problem, analyserte det og nekta å godta status quo. Litt etter litt bygde han opp Grameen Bank. Ved å snu spørsmålet om fattigdom på hovudet fekk han eit anna svar. Han var ein radikal pragmatiker, sa Webber.

Hans bodskap var at alle kan gjere litt, og at det er globaliseringa og grasrotrøsler som vil stå for endringane framover. For der folket går, der føl regjeringar og selskap etter. Webber meiner difor at for å skapa endra haldningar må ein først endra folk sine vaner, og ikkje omvendt som har vore den rådande filosofien tidlegare.

- Kva er ditt brennande spørsmål som held deg vaken om natta? spurde Webber.

Alan Webber, ein av verdas fremste innan endringsleiing og innovasjon, engasjerte og motiverte sitt talrike publikum i Grieghallen.

Ny tradisjon
Deltakarane fekk etterpå høyre om korleis Google arbeidar med motivasjon og kreativitet i kvardagen av leiar for Google Norge, Jan Grønbech. Erik Lerdahl frå Slagkraft Design leia tilhøyrarane gjennom raske og effektive innovasjonsprosesser. Deretter var det seks ulike parallelsesjonar med ulike tema innan kreativitet og innovasjon.

Grow 08 er det andre Grow-arrangementet i rekken. Det har som mål å styrka entreprenørskapskulturen for å fremja haldningar som bidreg til utvikling av nye idear for auka innovasjon. Arrangørane er Bergen kommune, Hordaland Fylkeskommune, Bergen Næringsråd, Bergenscenarier 2020, Sparebanken Vest, Innovasjon Norge, Bergen Teknologioverføring AS (BTO), StatoilHydro og Bergens Tidende.

BT: – Bergen må selge seg bedre

Grow 08

Simon Sortland 14.03.2008 14:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart