
I rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Hordaland er desse med: Anne Britt Herfindal Johannessen (bak f.v.), Anita Garlid Johannessen, Dagmar Reutz Hillestad, Benthe Bondhus, Kjell Søvik. Framme f.v.: Olav Aag, Cathrine Elisabeth Schjelderup, Harald Norheim. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
20 av 33 kommunar
– Då fristen gjekk ut var 85 påmeldte frå 20 av dei 33 kommunane i fylket. Lov om råd eller anna representasjonsordning i kommunar og fylkeskommunar for menneske med nedsett funksjonsevne vart vedteke av Stortinget i juni 2005. Lova vart gjort gjeldande etter valet 10. september 2007. Mange kommunar har alt oppretta slikt råd, og andre kommunar er i gang, opplyser Reutz Hillestad som er rådssekretær for Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne i Hordaland, som det offisielle namnet er.
Konferanse
Tysdag 1. april inviterer ho til opplærings- og startkonferanse for medlemmer i dei kommunale råda og fylkesrådet, samt administrativt tilsette i kommunane som har ansvar innanfor saksområdet. Det skjer på Hotel Norge i Bergen.
Vedta mandat
Rådssekretæren opplyser at det er kommunestyra og fylkestinget som oppnemner rådsmedlemar, leiar og nestleiar, og dei skal også vedta mandat for rådet.
– Representasjonsordninga er viktig for å sikre god brukarmedverknad. I rådet er det med politikarar, brukarrepresentantar frå funksjonshemma sine organisasjonar, administrativt tilsette i kommunar og fylkeskommunar. Ordninga er difor òg viktig for lokaldemokratiet. Rådet vil vere ein viktig ressurs for kommunar og fylkeskommunar mellom anna i arbeidet med universell utforming.
Samfunnsskapte barrierar må bli fjerna
Rådssekretæren understrekar at rådet er eit samhandlings- og rådgjevande organ som skal sikra at verdifull erfaringskompetanse på ein systematisk måte blir spela inn i planarbeidet i kommunar og fylkeskommunar.
– Rådet skal medverke til at val av løysingar blir så inkluderande som mogleg, og at direkte og indirekte diskriminering blir motarbeidd innanfor heile det kommunale og fylkeskommunale saksområdet. Rådet skal såleis ikkje handsame saker vedkomande einskildpersonar, men arbeide med universell utforming og medverke til gode løysingar innan alle sektorområde som til dømes plan- og bygningssektoren, samferdsle, kultur, idrett og friluftsliv, skule, barnehage, helse og pleie- og omsorgstenestene. Det siste gjeld særleg for kommunale råd, seier rådssekretær Dagmar Reutz Hillestad.