På dei ovannemnde punkta var vedtaket samrøystes.
Produksjonsnivå
Fylkesutvalet legg til grunn at produksjonsnivået i ny struktur minimum skal vera på same nivå som i dag. Dette vart vedteke med sju røyster (H, FrP, KrF) der fylkesordføraren si dobbeltrøyst var avgjerande. Eit alternativt forslag frå Harald Hove (V) fekk også sju røyster (Ap, SV, Sp og V) og fall.
Hove sitt forslag var: «Fylkesutvalet legg til grunn at produksjonsnivået skal aukast i høve til i dag. Auka produksjon må kunna finansierast ved tiltak som til dømes køprising.»
Trafikkvekst
Fylkesutvalet ber samrøystes administrasjonen arbeida vidare med finansieringsmodellar som sikrar eit produksjonsnivå som kan ta opp i seg den trafikkveksten som ligg i målsetjingane.
Fylkesutvalet vil peika på at betra framkomst for bussen er ein vesentleg føresetnad for å nå målet om 50% vekst i kollektivreisene innan 2020.
Omlandskommunane skal med
Fylkesutvalet ber administrasjonen vurdera på nytt grensene for nærområda som inkluderer omlandskommunane, – då sett i samanheng med plassering av park & ride anlegg.
Tiltakspakke
Etter felles forslag frå Ap, SV, Sp og V vedtok fylkesutvalet samrøystes også desse to punkta:
«Strategidokumentet om kollektivtransport i Bergensområdet må i tillegg til dei mål, strategiar og rutestruktur som er nemnde, følgjast opp med ei meir konkretisert tiltakspakke der ein særleg legg vekt på kva verkemidlar ein vil ta i bruk for å realisera ambisjonane om ein auke på 50 % i talet på kollektivreiser innan 2020.
Fleire av strategiane og tiltaka føreset tett samarbeid med Bergen kommune og omlandskommunane, og fylkesutvalet ønskjer å opprioritera dette arbeidet.»
Frå saksutgreiinga
Kollektivstrategiane som er lagde for Bergensområdet, inneber fylgjande differensiering av kollektivtilbodet innan ulike deler av byområdet, der kollektivtrafikken vil ha ulik rolle og verknad for å oppnå effektiv- og miljøvenleg trafikkavvikling:
1. Kollektivbyen, område der kollektivtilbodet skal vere eit hovudelement i eit transporttilbod med vekt på effektiv trafikkavvikling, god samfunnsøkonomi og miljøvenleg transportsystem.
2. Nærområde, område der kollektivtrafikken skal medverke til miljøvenlege transportløysingar.
3. Distrikt, område der kollektivtilbodet har som hovudoppgåve å gi eit transporttilbod til viktige reisemål som skule, lokale- og regionale sentra.
Meir informasjon:
sjå sak 76/08 til fylkesutvalet sitt møte 13. mars 2008.