Halsnøysambandet – fastlandssamband og kortare ferjetur

Halsnøysambandet som vart opna laurdag 8. mars gjev 2300 innbyggjar på øyane fastlandssamband til eigen kommune – Kvinnherad. Sunde er lagt ned som ferjestø og Ranavik vert einaste ferjestø for trafikken til Stord.

Halsnøysambandet vart opna laurdag 8. mars 2008. Frå venstre: Regionvegsjef Olav Ellevset, ordførar i Kvinnherad Synnøve Solbakken og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. (Foto: Synnøve Lien, Statens vegvesen.)

Halsnøysambandet vart opna laurdag 8. mars 2008. Frå venstre: Regionvegsjef Olav Ellevset, ordførar i Kvinnherad Synnøve Solbakken og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. (Foto: Synnøve Lien, Statens vegvesen.)

For folk frå fastlands-Kvinnherad betyr dette at dei frå no av må ta turen gjennom Halsnøytunnelen til Ranavik for å ta ferja til Stord. Litt lenger køyretur, men kortare ferjereise.

Den 4,1 km lange Halsnøytunnelen går ned til 135 meter under havet.  Prislappen på anlegget er 427 mill. kr.

Hordaland fylkesting vedtok i desember 2003 å gje simpel fylkeskommunal garanti for lån på inntil 220 mill. kr (2003-kroner) som Fastlandssambandet Halsnøy AS har teke opp til finansiering av Rv 544 Halsnøysambandet.

Les meir om Halsnøysambandet
Rv. 544 Halsnøysambandet er opna (Statens vegvesen)

Halsnøysambandet er åpnet (NRK Hordaland)

Web-TV: Bli med på tur gjennom Halsnøysambandet (Haugesunds Avis)

Folkefest på Halsnøy (BT.no)

Tunnelshow og tunnelfest (Kvinnheringen)

Stanley Hauge 11.03.2008 11:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart