Bokbåten Epos er klar med vårturen i Hordaland, like over påske, frå 26. mars til 14. april. Lasta med bøker, lydbøker og kulturprogram kjem båten til kai 50 stader i 21 kommunar i fylket.

Vestlandet sitt flytande bibliotek kan no også besøkjast på nett. Her kan ein følgje bokbåten på tur langs Vestlandskysten gjennom kart, bilde og anna informasjon.
Den felles nettstaden for bokbåten i dei tre vestlandsfylka finn de på www.bokbaten.no
Epos er klar med vårtur i Hordaland like over påske.
Kulturprogram 1
Kulturprogram på vårens sørtur er Sisselrot med Lars Linkerifot – ei musikalsk førestilling, basert på norske stevtonar i ny drakt, utarbeidde og framført av Sissel Saue og Lars Kolstad.
Sissel Saue er for mange kjend som ei av eldsjelene bak førestillingane Fargespel og Fargelys. Lars Kolstad er opphavsmannen bak Trom (Trivelig Rytmisk Original Musikk) der han i Trommesirklar har skapa eit samlingspunkt blant ungdom og vaksne.
Kulturprogram 2
På nordturen er kulturprogrammet Sjå opp for Monstre! – eit møte med forfattaren og illustratøren Reidar Kjelsen. Han har forfatta bøker om merkelige monster og livredde dyr. Reidar er nok elles mest kjend som illustratør for "Otto Monster" bøkene til Jon Ewo. Totalt har han gjennomillustrert over 30 bøker/hefte, der åtte av dei er sjølvskrivne. Det er klart for leikne innspel og sprelsk strek som kan utfordra både store og små.
Samarbeid
Kulturprogrammet er eit samarbeid med Den kulturelle skolesekken i Hordaland, og er støtta av Folkeakademiet i Hordaland.
Lenkje til
Reiseruta