
Trainee Vest er eit regionalt traineeprogram med arbeidsgjevarar i Bergen og Hordaland, og blir drive av Karrieresenteret (Studentsamskipnaden i Bergen). 10 stillingar er lyst, delt på seks arbeidsgjevarar: Helse Bergen, BIR, BKK, Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og Bergens Tidende. Søknadsfrist er 31. mars.
Får arbeidserfaring frå to bedrifter
Traineeperioden varer i 18 månader, og blir delt mellom to bedrifter i høvesvis 12 og 6 månader. Traineeprogrammet inneheld og eit utviklingsprogram med ei rekke samlingar rundt ulike faglege tema, som til dømes prosjektstyring og informasjonsarbeid. Traineane får ein mentor i bedrifta, og generell oppfølging frå Karrieresenteret. Til dømes får alle tilbod om karriererettleiing både i starten og etter endt traineeopphald.
Traineeprogram for mange ulike utdanningar
Nyutdanna frå hele landet kan søkje, og du kan ha inntil eitt års arbeidserfaring. Traineeprogrammet famnar breidt rundt krav til utdanningsbakgrunn. Blant utdanningane som er etterspurde, er både samfunnsvitskapelege, humanistiske, psykologiske, økonomiske, helsefaglege, pedagogiske og juridiske fag. Også arkitekt og landskapsarkitekt, samt real- og ingeniørfag kan nemnast.
Meir informasjon: www.traineevest.no