Arbeidet med ny fylkesdelplan for Hardangervidda er i gang

Ny fylkesdelplan for Hardangervidda skal femna om areal både i Hordaland, Telemark og Buskerud fylke.

Planarbeidet skal fastsetje heilskapleg og langsiktig arealforvalting av dei delane av fjellområda som ikkje inngår i nasjonalparken og andre verneområde. Planarbeidet og den politiske handsaminga i fylkestinga føreset ein avslutta innan utgangen av 2010.

Planen skal femna om både dei vestlege og dei austlege delene av Vidda, og omfamnar soleis areal i både Hordaland, Telemark og Buskerud fylke. Råka kommunar er Odda, Ullensvang, Ulvik og Eidfjord i Hordaland, Tinn og Vinje i Telemark, samt Hol, Nore og Uvdal og Rollag i Buskerud.

Arbeidsutvalet har følgjande medlemer: Arne Vinje frå Vinje kommune, Steinar Berthelsen frå Rollag kommune, Anved Johan Tveit frå Eidfjord kommune, Mette Lund Stake frå Buskerud fylkeskommune, Magnar Lussand frå Hordaland fylkeskommune, Lars Bjaadal (leiar) frå Telemark fylkeskommune og Kirsti Kolle Grøndahl frå fylkesmannen i Buskerud.

Fylkesmannen i Telemark: Ny fylkesdelplan for Hardangervidda

Simon Sortland 03.03.2008 14:28
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart