Søkjartalet til Vg1 Bygg og anleggsteknikk viser nedgang (14 %) for første gong på mange år. Formgjevingsfaget får det lågaste søknadstalet sidan Kunnskapsløftet vart innført i 2006. For utdanningsprogramma Helse- og sosialfag , Restaurant- og matfag og Naturbruk har nedgangen i søkjartalet dei siste åra stoppa opp. Prosentvis kjem auken til Naturbruk best ut, men det er relativt stor lokal skilnad i søkjartala til desse utdanningsprogramma.
I konkurransen med dei private skulane, ser det ut til at dei offentlege skulane styrkjer seg. Fleire som søkjer Vg1 vil ha plass ved offentlege skular og talet på elevar frå private skular som søkjer Vg2 og Vg3 ved offentlege skular aukar, viser søknadene.
Plasstalet justert
Tal plassar som er med i fellesinntaket til dei vidaregåande skulane er 18 000, ein nedgang på 352 frå prognoseinntaket i 2007. Dette er ei justering som er gjort ut frå røynsler ved inntaket i fjor og at det vert full innføring av kunnskapsløftet med Vg3 frå komande haust.
Fleire tidlegare yrkesfaglege VKII kurs vert lærefag når Vg3 kunnskapsløftet vert innført. I tillegg til dette skuldast nedgangen at det i 2007 var lagt opp til eit breitt fagtilbod for å sjå interessa for dei nye programområda. Tilbod som ikkje hadde søkjargrunnlag etter prognoseinntaket vart då lagde ned, og som hovudregel ikkje oppretta att for 2008.
Søkjarar 2008
Totalt har det meldt seg 18 647 søkjarar frå Hordaland, ein auke på 415 frå 2007.
Talet på søkjarar med Ungdomsrett frå Hordaland er 17 309. Dette er ein auke på 136 frå 2007.
Auken i talet på søkjarar med Ungdomsrett er noko mindre enn auken på talet av elevar som er ferdig med ungdomsskulen, men likevel venta. Grunnen til dette er at fleire elevar går over til læreplass det 3. opplæringsåret samanlikna med 2007 (totalt ca. 250).
Fleire til offentlege skular
Søkjartalet til Vg1, der dei private skulane gjev hovudvekta av sine tilbod, viser ein auke til dei offentlege skulane. Sidan det ikkje er felles søknadsregistrering for dei offentlege og private skulane er tala likevel usikre. Faktum er uansett at fleire enn tidlegare fører opp dei offentlege skulane, enten som reelt 1. alternativ, eller som aktuelt alternativ til dei private skulane. Svaret på dette får ein først når inntaksresultatet føreligg, og ein ser kor mange som evt. takkar nei til dei offentlege skulane.
Det er ein relativ tydeleg auke av elvar frå einskilde private skular som søkjer offentlege skular til Vg2 og Vg3. Dette er ulikt dei siste åra. Om dei i tillegg søkjer den private skulen som dei er elevar ved i inneverande skuleår, eller andre private skular, har ikkje fylkeskommunen data på. Det gjenstår også å sjå om dei tek imot plass ved dei offentlege skolane. Dersom dette skjer kan det bli mangel på plassar innanfor einskilde programområde, særleg Media og kommunikasjon og Musikk/dans/drama.
Tal plassar Vg1. Søkjartal 2008 og 2007.
|
Utdanningsprogram |
Tal plassar -2008 |
Søkjarar 2008 |
Søkjarar 2007 |
Auke/nedgang |
|
Bygg og anleggsteknikk |
579 |
520 |
603 |
Nedgang: 83 |
|
Design og handverksfag |
364 |
349 |
381 |
Nedgang: 32 |
|
Elektrofag |
550 |
669 |
642 |
Auke 27 |
|
Helse-og sosialfag |
702 |
623 |
598 |
Auke 25 |
|
Idrettsfag |
189 |
273 |
245 |
Auke 28 |
|
Musikk/dans/drama |
150 |
272 |
235 |
Auke 37 |
|
Media og kommunikasjon |
170 |
435 |
362 |
Auke 73 |
|
Naturbruk |
185 |
155 |
130 |
Auke 25 |
|
Resturant- og matfag |
283 |
210 |
191 |
Auke 19 |
|
Service- og samferdsel |
300 |
228 |
228 |
Uendra |
|
Studiespesialisering m/formgjeving |
190 |
123 |
162 |
Nedgang 39 |
|
Studiespesialisering |
2322 |
2326 |
2028 |
Auke 298 |
|
Teknikk og industriell produksjon |
873 |
862 |
821 |
Auke 41 |
|
Klassar med redusert elevtal |
543 |
563 |
524 |
Auke 39 |
Totalt |
7400 |
7608 |
7150 |
Auke 458 |
Små endringar
Talmessig viser oversynet at det er relativt små endringar i søknadstala til dei ulike utdanningsprogramma. Verdt å merka seg er at talet på søkjarar til Vg1 Bygg og anleggsteknikk for første gong på mange år viser nedgang. I høve til talet på plassar innafor dette utdanningsprogrammet er nedgangen vesentleg.
Naturbruk aukar
Utdanningsprogramma Helse- og sosialfag , Restaurant- og matfag og Naturbruk har ein liten auke i søkjartala. Om ikkje anna er trenden frå dei siste åra med nedgang i søkjartalet mest kvart år stoppa opp. Prosentvis kjem auken til Naturbruk best ut.
Bakgrunnstala viser at det er relativt stor lokal skilnad i søkjartala til desse utdanningsprogramma.
Varisjonar
Nokre skular opplever ein sterk nedgang i søkjartalet til Vg2 Helsearbeidarfaget, og skular som har hatt hjelpepleiarutdanning i mange år misser truleg dette tilbodet komande skuleår. Elles ser ein også ein markant nedgang i søkjartalet til Vg3 Helsesekretær/Apotektknikar og Tannlegesekretær. Det er for tidleg å seie noko om grunnane til dette no, men det er ein generell auke av elevar frå Vg2 Helse- og sosialfag til Allmennfagleg påbyggingskurs, utan at dette er så dramatisk som i ein del andre fylke.
Studiespesialiserande utdanningsprogram med Formgjevingsfag slit med rekrutteringa og får det lågaste søkjartalet sidan Kunnskapsløftet vart innført i 2006. Det positive her er likevel at ein del skular utanfor Bergensområdet har relativt god søking til dette programmet. I Bergensområdet er det diverre svært få som vel å ta studiespesialiserande utdanningsprogram med Formgjevingsfag.