100 000 kroner til Odda sitt 100-årsjubileum

Fleirtalet i kultur- og ressursutvalet vedtok å støtta 100-årsjubileumsfeiringa i Odda med 100.000 kroner som ein del av fylkeskommunen sitt engasjement i kommunen gjennom fleire år.

Denne feiringa vil setje lys på utviklinga og dei historiske linene i industristadsutviklinga som har vore sentralt i fylkeskommunen sitt engasjement  i kommunen og som har tyding både regionalt og nasjonalt. Kommunestyret i Odda har sett ned ei tverrpolitisk jubileumsnemnd for å førebu og organisere 100-årsjubileet for Odda som kraft- og industrisamfunn. Saman med lag og organisasjonar har den arbeidd ut program for dagane 1. – 4. mai då hovuddelen av jubileet skal gå føre seg og for andre jubileumsmarkeringar resten av året. 

Budsjett på 2,4 mill. kr

Jubileumsfeiringa i heilskap har ei budsjettert kostnadsramme på 2.4 millionar. Odda kommune har løyvd 600 000 kroner og Norsk kulturråd 50 000 kr til jubileumsfilmen (Smelteverksfilmen). Ein rekke næringsaktørar er satt opp i budsjettet. Det er søkt om 200 000 kroner frå Hordaland fylkeskommune. Innstillinga frå fylkesrådmannen var på 150 000 kroner.

Framlegg

Fellesframlegg frå H og Krf føreslo å løyva 100.000 kroner. Vedteke med 7 (H, KrF, Frp) mot 6 røyster (R, Sp, SV og AP).
Frp føreslo å løyva 75000 kroner. Fall mot 3 røyster (Frp).
Rødt føreslo 200.000 kroner. Fall mot 2 røyster. (R og Sp)

Pressemelding

 

Simon Sortland 06.03.2008 16:11
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart