Regjeringa skal i løpet av året leggja fram St. meldinga om Nasjonal Transportplan 2009-2019. For Vestlandsfylka er det viktig at E39 Kyststamvegen får høg prioritet i St.meldinga. Vestlandsrådet inviterer Stortingspolitikarar, representantar for næringsl
Vestlandet har eit transportintensivt og konkurranseutsett næringsliv med høge transportkostnadar. Utbetring av E39 er viktig for å betra på denne situasjonen. Vestlandsrådet, som er eit samarbeidsorgan for dei fire Vestlands-fylka, vil difor 16. juni i år arrangere ein konferanse om E39.
På konferansen ”E39 Kyststamvegen – ein føresetnad for nasjonal verdiskaping” vil vi ha fokus på:
• Betre transportinfrastruktur som føresetnad for regional utvikling, og konkurransekraft
• Samfunnsøkonomiske effektar av auka investeringar i transportinfrastruktur
Til konferansen inviterast Stortingspolitikarar, representantar for næringslivet og media. Konferansen vert halden på Thon konferansesenter Vika Atrium, Munkedamsvn. 45.
Program for E39-konferansen 16. juni 2008.pdf