Administrativt støttepersonell vil verta tekne ut i streik både ved dei vidaregåande skulane og i fylkesadministrasjonen. Dette vil få konsekvensar for sentralbordtenester, postgang m.m. og kan gjera det vanskeleg for publikum å få kontakt.
Vidaregåande skular
Ved desse vidaregåande skulane vil også svært mange lærarar verta tekne ut i streik:
Bergen katedralskole
Bergens handelsgymnasium
Lønborg videregående skole
Tanks videregående skole
Bjørgvin videregående skole
Fyllingsdalen videregående skole
Laksevåg videregående skole
Olsvikåsen videregående skole
Bergen tekniske fagskole
Skulane vil oppretthalda så stor aktivitet som mogleg med det personalet som ikkje vert tekne ut i streik, seier personaldirektør Geir Davidsen.
Privatisteksamen
– Vi prøver å unngå at privatistar som skal opp til eksamen skal verta skadelidande av streiken. Vi har søkt om dispensasjon for å kunna gjennomføra eksamen for denne gruppa, seier forhandlingsleiar Johan Meyer.
HMT-krav vert innfridd
– Kravet til helse-, miljø- og tryggingstiltak inkludert brannvern vil vera ivareteke under ein eventuell streik, då driftspersonale (vaktmeistrar) ikkje er tekne i streik, seier personaldirektør Geir Davidsen.
Forhandlingane
Utfallet av dei sentrale forhandlingane i lønsoppgjeret, som har frist til midnatt i dag 22. mai, vert avgjerande for om det vert streik frå fredag morgon.