Det var stor aktivitet på Stord lufthamn, Sørstokken under streiken til Avinor. 31 helikopter trafikkerte til og frå Nordsjøen og ein del rute- og charterfly landa og tok av frå flyplassen 20. og 21. mai.

Nordsjøarbeidarar på veg inn i helikopteret på Stord lufthamn.
Helikopterbase
Då dei to store flyplassane på Vestlandet, Bergen lufthavn, Flesland og Stavanger lufthavn, Sola vart stengt grunna streiken i Avinor vart Stord lufthamn, Sørstokken, nytta som helikopterbase. Tysdag 20. mai stasjonerte Norsk Helikopter A/S to helikopter på flyplassen mens CHC Helikopter Service onsdag stasjonerte tre helikopter.
Kontor- og terminalfasilitetar
Personell frå Bergen lufthavn vart sendt ned til Stord for å hjelpe til med å avvikle trafikken. Personell frå helikopterselskapa og Flesland fekk tildelt nødvendige kontor- og terminalfasilitetar på Stord.
527 personar
Tysdag starta trafikken med fire helikopterturar til plattformar i Nordsjøen og fire i retur inn til Stord. Onsdag auka trafikken til 14 helikopterturar til plattformar i Nordsjøen og ni i retur. Totalt reiste 527 personar offshore med helikopter til/frå Stord lufthamn desse to dagane.
– Lufthamna fekk mange positive tilbakemeldingar frå helikopterselskap og passasjerar for måten vi takla trafikkavviklinga på. Helikopter- og oljeselskap har no fått auga opp for at Stord lufthamn, Sørstokken også kan nyttast i samband med offshoreflygingar til/frå plattformene i Nordsjøen, seier lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.
Rute- og charterfly
I tillegg til helikoptertrafikken som vart omdirigert til lufthamna desse to dagane brukte fleire rute- og charterfly lufthamna dei dagane streiken varte. Dette var Flyselskapa Vildanden, Bergen Air, samt Danish Air Transport.

Trafikken tok seg opp på Stord lufthamn under Avinor-streiken. Her er ein Saab-340 parkert på lufthamna mens eit helikopter er på veg til Nordsjøen.