Kommunane i Hordaland vert inviterte til å vera med på å utvikla fire Economuseum/visingssenter i Hordaland. Hordaland fylkeskommune arrangerer informasjonsmøte 27. mai og fristen for å føreslå kandidatar er 16. juni.
EU Interreg prosjektet
Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga, leier det nye EU-Interreg prosjektet Economusee i Northern Europe som er eit samarbeidsprosjekt med Irland, Nord-Irland, Færøyane, Island og Canada.
I løpet av ein 3-års periode skal ein utvikla 18 nye Economusee/visingssenter i Nord-Europa, av dei fire i Hordaland og eitt i Aurland kommune.
Invitasjon
Hordaland fylkeskommune inviterer kommunane i Hordaland til å finna fram til aktuelle handverksbedrifter/kandidatar som kan tenkja seg å ta del i prosjektet for å verta Economuseum/visingssenter i fylket.
Informasjonsmøte 27. mai
Fylkeskommunen inviterer til informasjons- og drøftingsmøte om prosjektet i Hordaland på møterom 367 i 3. etasje i fylkeshuset tysdag 27. mai kl.13.00-15.00.
Påmelding
Påmelding til Anette Thomassen 55 23 99 90 eller på e-post anette-durr.thomassen@post.hfk.no
innan fredag 23. mai.
Søknadsfrist
Søknadsfrist for innmelding av handverksverksemder er sett til måndag 16. juni. Ein tek sikte på å leggja fram sak for kultur- og ressursutvalet for godkjenning av deltakarar i Hordaland på møte 19. august.
Lenkjer
Brev til kommunane i Hordaland (pdf-fil)
Kriterium for å verta economuseum/visingssenter (pdf)
EU prosjekt opnar nye satsingsområde for handverksbedrifter i Hordaland
Economuseum
Meir informasjon om prosjektet
Kontaktperson: prosjektleiar Terje Inderhaug på tlf. 55 23 99 97 eller pr. e-post terje.inderhaug@post.hfk.no