Planlegg utbygging til 70 mill. kr ved Austevoll vidaregåande skule

Hordaland fylkeskommune planlegg utbygging ved Austevoll vidaregåande skule til 70 mill. kr. Fylkesutvalet rår til at fylkestinget skal godkjenna forprosjektet for utbygginga.

Tilbygget skal ha eit brutto areal på 1413 kvm og prosjektet omfattar også ombygging av 650 kvm av eksisterande lokale.

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Utbygginga skal vera ferdig til skulestart hausten 2010. Tidsplanen for utbygginga legg opp til start på grunnarbeidet i oktober i år.

Fylkestinget skal handsama saka på møte 10.-11. juni.

Pressemelding frå fylkesutvalet 22. mai 2008

Stanley Hauge 22.05.2008 18:41
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart